Michel Tornéus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Michel Tornéus


Statsborgarskap Sverige
Fødd 26. mai 1986 (37 år)
Botkyrka kommun
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Friidrett under Sommar-OL 2016

Michel Tresor Komesha Tornéus (fødd 26. mai 1986) er ein svensk friidrettsutøvar frå Stockholm som vann sølvmedaljen i lengdehopp i EM 2016 og bronsemedaljen i EM 2012. I 2015 vart han innandørsmeister i Europa.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Tornéus tok steget opp i europatoppen i lengdehopp i 2009-sesongen, med di han sette personleg rekord med eit hopp på 8,11 meter. Dei neste tre sesongane flytta han sitt personbeste til 8,12 m i 2010, 8,19 m i 2011 og 8,22 m i 2012.I 2010 vann han lengdetevlinga i Europacupen for landslag, men vart ikkje betre enn niandemann i europameisterskapen.

Den 1. juli 2012 vann Tornéus bronsen ved europameisterskapen i Helsinki med eit hopp som målte 8,17 m. Fem veker seinare vart han med 8,11 m fjerdemann finalen under Sommar-OL 2012 i London, ein centimeter unna bronseplassen og fem cm bakom sølvvinnaren. I innandørs-EM 2013 i Göteborg avslutta han tevlinga med eit hopp på 8,29 meter, svensk innandørsrekord og berre to centimeter kortare enn det vinnaren Aleksandr Menkov presterte. Etter ein femteplass i Friidretts-EM 2014 i Zürich, vann Tornéus lengdetevlinga ved innandørs-EM 2015 i Praha på ny svensk innandørsrekord 8,30 m.

Under europameisterskapen 2016 i Amsterdam nådde Tornéus 8,21 m og tok sølvmedaljen, fire cm attom vinnaren, olympiameisteren Greg Rutherford frå Storbritannia. Berre tre dagar seinare, den 10. juli, gjorde Tornéus i spanske Monachil sitt livs beste lengdehopp, eit hopp som målte 8,44 meter. I verdsmeisterskapen 2017 i London, landa Tornéus på 8,18 m, men vart ikkje betre enn nummer 8 i ei tevling med uvanleg mange sterke prestasjonar.

Tornéus vann i tida 2005-17 11 svenske meistertitlar i lengdehopp og 2 i tresteghopp.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]