Mikulov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mikulov
Gamlebyen i Mikulov
Gamlebyen i Mikulov
Flagget til Mikulov Byvåpenet til Mikulov
Flagget til Mikulov Byvåpenet til Mikulov
Styresmakter
Land
Kraj
Tsjekkia
Sør-Mähren
Byrettar 1410
Borgarmeister Rostislav Koštial
Geografi
Flatevidd
 - By

45,34 km²
Innbyggjarar
 - By (2012)
   - folketettleik

7 374
  168/km²
Koordinatar 48°48′20″N 16°38′0″EKoordinatar: 48°48′20″N 16°38′0″E
Høgd over havet 242 m
Diverse anna
Postnummer 692 01
Nettstad: www.mikulov.cz
Plassering
Mikulov is located in Tsjekkia

Mikulov (tysk Nikolsburg) er ein by i Tsjekkia, som ligg midt i regionen Sør-Mähren. Han ligg like nær grensa til Austerrike og har om lag 7600 innbyggjarar.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Mikulov ligg i utkanten av eit åslendt landskap og ved ein stor innsjø. Byen ligg om lag 200 til 250 meter over havet. Eit biosfærereservat definert av UNESCO startar ved Mikulov og det same gjer det moraviske karstlandskapet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Mikulov var åstad for Nikoklsburg-traktaten den 31. desember 1621 under trettiårskrigen. Etter den austerriksk-prøyssiske krigen starta grev Alajos Károlyi å utarbeide ein fredsavtale i Mikulov som førte til Prahatraktaten i 1866.

I 1938 hadde byen nesten 8000 (hovudsakleg tysktalande) innbyggjarar, men berre om lag 5200 i 1948. Dei etniske tyskarane vart kasta ut i perioden 1945-46. I 1938 var det òg 472 hovudsakleg tysktalande jødar. 372 av desse overlevde ikkje holocaust

Det viktigaste landemerka i byen er Mikulovborga til Dietrichstein-familien og Piarist-gymnaset.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mikulov

Kjelder[endre | endre wikiteksten]