Milgram-eksperimentet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Milgrameksperimentet: V=Forsøksleiar (autoritet), L=Lærer (forsøksperson), S=Elev (skodespelar)

Milgram-eksperimentet er eit berømt psykologisk eksperiment som blei starta i juli 1961 og publisert i 1963 av Stanley Milgram. Eksperimentet viste at eit vanleg menneske sin lydnad til ein autoritet er mykje større enn mennesket sjølv trur, i høve til til sin eigen frie vilje og samvit. Eksperimentet blei gjenteke i fleire variantar med stort sett same resultat.

Bakgrunnen[endre | endre wikiteksten]

Milgram ønskte å finne ut korleis eksistensielle tilhøve som orden, reglar, normer, lydnad og pliktfølelse påverkar eit enkeltmenneske sin valfridom, sjølvstende, samvit og eventuelt opprør mot ein autoritet.

Målet var å finne ei forklaring på korleis kollektivistiske styresett, som for eksempel Tyskland under den andre verdskrigen kunne klare å få store delar av folket til å godta og å utføre grufulle handlingar mot andre menneske utan at dei ville nekte, eller gjere opprør. Kunne det tenkest at Adolf Eichmann og hans millionar medskuldige i holocaust berre følgde ordre og var bundne av lydnad til ein autoritet med eigne reglar?

Milgrameksperimentet: Annonse for forsøkspersonar.

Utvelginga av forsøkspersonar[endre | endre wikiteksten]

I det opphavlege eksperimentet deltok 40 menn i alderen 20 - 50 år. Dei var frå ulike samfunnslag - frå arbeidsledige til professorar. Dei blei valde ut både etter avisannonser og etter direkte kontakt. Forsøkspersonane blei fortalde at dei skulle delta i eit enkelt pedagogisk forsøk for å undersøke effekten av straff ved opplæring. Dei fekk vidare vite at eksperimentet ville vare ca. 1 time, men at dei kunne avbryte eksperimentet når som helst, og at dei skulle få $ 4,50 (2006 = ca. kr. 300,-) anten dei fullførde heile eksperimentet eller ikkje.

Eksperimentet[endre | endre wikiteksten]

I kvart eksperiment deltok 3 personar. Ein forsøksleiar, ein «lærar» og ein «elev».

Før forsøket starta skulle det haldast loddtrekning om kven som skulle vere lærer og kven som skulle vere elev. Men loddtrekninga var «fiksa» slik at forsøkspersonen alltid blei lærar (Det var to papirlappar som blei trekt, og på begge stod det lærar).

Eleven var i røynda ein skodespelar. Forsøket blei leia av ein streng, «upåverka» leiar kledd i teknikar-uniform. Læraren og eleven blei i det opphavlege forsøket plassert i to ulike rom med lydsamband mellom. Til eleven var det til synes festa eit sett elektriske leidningar som læraren kunne kontrollere frå eit panel framfor seg. Læraren fekk så utlevert ei liste to-stavingsord som han skulle lære vidare til eleven. Etter å ha lese opp ein serie ord skulle så læraren lese opp første stavinga i ordet og eleven skulle halde fram med den neste stavinga. Eleven fekk fire alternative svar, og han skulle markere rett svar ved å trykke på rett brytar for dette alternativet. Dersom eleven svarte feil, skulle læraren gje han eit elektrisk støyt. I røynda var det ikkje noko elektrisk støyt som blei gitt til eleven, men for at forsøkspersonen skulle tru at situasjonen var reell, fekk han sjølv prøve eit elektrisk støyt av lågaste grad (45 volt) før forsøket starta. På panelet framom seg kunne læraren til synes gradere støyta frå 45 volt til 450 volt. Dei øvste trinna var merkte med «FARE - svært alvorleg støyt». «Læraren» blei instruert om å gje sterkare støyt for kvart feil svar eleven gav, og kunne høyre eleven sine «lidingar» under forsøka. Om læraren nølte under eksperimentet, gav forsøksleiaren verbale oppmodingar om å halde fram etter ei viss rekkefølgje:

  1. «Ver snill og hald fram.» - («Please continue.»)
  2. «Eksperimentet krev at du held fram, ver snill og hald fram.» - («The experiment requires that you continue.»)
  3. «Det er svært viktig at du held fram. Fortsett.» - («It is absolutely essential that you continue.»)
  4. «Du har ikkje noko val, du må halde fram.» - («You have no other choice, you must go on.» )

Dersom forsøkspersonen nekta å halde fram forsøket før eller etter dei fire oppmodingane, blei forsøket avbrote. Ellers blei forsøket avbrote etter tre «elektrosjokk» på høgaste nivå.

Venta resultat[endre | endre wikiteksten]

Før forsøket var avslutta spurte Milgram 14 av Yale-universitetet sine psykologi-professorar om kva dei venta som resultat av eksperimentet. Alle meinte at berre nokre få sadistar (gjennomsnitt 1,2%) ville vere viljuge til å tildele maksimal straumstyrke.

Resultatet[endre | endre wikiteksten]

Forsøket viste at så mange som 65% (26 av 40) av forsøkspersonane var viljuge til å lyde oppmodingsa om høgaste straumstyrke, trass i at «eleven» klart var sterkt lidande og bad om nåde, og at dei visste at dei hadde fridom til å avbryte. Ingen av forsøkspersonane avbraut forsøket før 300 volt. Ingen av forsøkspersonane insisterte på å undersøke eller snakke med «offeret» etter forsøket.

Følgjande tabell viser talet på lærarar som avbryt forsøket etter ulike «straumstøyt»:

Spenning (Volt) Lærarar som avbryt
inntil 300 V 0
300 V 5
315 V 4
330 V 2
345 V 1
360 V 1
375 V 1
390 V til 435 V 0
450 V 26 (avbryt ikkje)

Milgram si oppsummering[endre | endre wikiteksten]

Milgram refererte erfaringane i artikkelen sin kalla «The Perils of Obedience»:

«The legal and philosophic aspects of obedience are of enormous importance, but they say very little about how most people behave in concrete situations. I set up a simple experiment at Yale University to test how much pain an ordinary citizen would inflict on another person simply because he was ordered to by an experimental scientist. Stark authority was pitted against the subjects' [participants'] strongest moral imperatives against hurting others, and, with the subjects' [participants'] ears ringing with the screams of the victims, authority won more often than not. The extreme willingness of adults to go to almost any lengths on the command of an authority constitutes the chief finding of the study and the fact most urgently demanding explanation.»

Seinare resultat[endre | endre wikiteksten]

I tilsvarande og seinare eksperiment har det vist seg at andelen personar som er viljuge til å følgje forsøksleiaren sine oppmodingar fullt ut, og utan vesentlege innvendingar, er påfallande konstant (61% - 66%).

Variasjonar av forsøket[endre | endre wikiteksten]

Milgram gjorde også variasjonar av forsøket ved å variere avstandane frå læraren til høvesvis forsøksleiaren og eleven (19 ulike forsøk). Resultata viste at lydnaden blei redusert ved aukande avstand til forsøksleiaren og nærare kontakt til eleven.

Kritikk av eksperimentet[endre | endre wikiteksten]

Eksperimentet har sidan blitt kritisert fordi dei uvitande deltakarane (lærarane) blei utsett for eit monaleg stressmoment ettersom dei i etterkant blei «avslørt» som sadistar, då dei hadde vore viljuge til å tildele «eleven» nærast uuthaldelege smerter. Dei uvitande deltakarane blei ikkje tilbodne noko psykologisk hjelp etter forsøket.

Milgram gjorde ei undersøking seinare, som viste at 84% av deltakarane meinte at dei hadde bidratt positivt til ei vitskapeleg forsting av menneska si åtferd.

Eksperimentet på lydfil - frå engelsk wikipedia[endre | endre wikiteksten]

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Milgram-eksperimentet

Kjelder[endre | endre wikiteksten]