Minimoog

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Minimoog.JPG
Kontrollpanelet på ein Minimoog.

Minimoog er ein monofonisk analog synthesizer, oppfunnen av Bill Hemsath og Robert Moog. Han vart lansert i 1970 av R.A. Moog Inc. (Moog Music etter 1972), og produksjonen vart lagt ned i 1981.[1] Han vart designa på ny av Robert Moog i 2002 og lansert som Minimoog Voyager.

Minimoogen vart kom på marknaden då synthesizerar byrja å verta nytta i rock og pop. Store modular synthesizerar var dyre, tungvindte og skrøpelege og ikkje ideelle å nytte på scenen. Minimoogen vart designa til å inkluderte dei viktigaste delane av ein modular synthesizer i ein kompakt innpakning, utan at ein trong koplingssnorer. Instrumentet vart derimot etter kvart eit særeige og populært instrument på eiga hand. Det er framleis i bruk i dag, meir enn førti år etter det vart lansert, på grunn av den intuitive utforminga og dei kraftige bass- og sololydane.

Kjende brukarar[endre | endre wikiteksten]

Heart, ABBA, Metronomy, Rick Wakeman, Yes, Radiohead, Edward Van Halen, Mother Mallard's Portable Masterpiece Company, PFM (Premiata Forneria Marconi), Emerson, Lake & Palmer, Paul Davis, Uriah Heep, Jeff Beck, Happy The Man, Kraftwerk, Passport, Synergy, Mando Lichtenberger, Jr, Devo, Gary Numan, Michael Jackson, Manfred Mann's Earth Band, Geddy Lee frå Rush, Tony Hymas, Funkadelic og Parliament, Hot Butter, Shooter Jennings, Eduardo Parra, Richard Wright for Pink Floyd og Robert Lamm.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Chronology 1953-1993». Moog history. MoogArchives.com. http://moogarchives.com/chrono.htm. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]