Kraftwerk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kraftwerk
KRAFTWERK im Kiew 01.jpg
Kraftwerk i Kiev i 2008
Sjanger krautrock, avantgarde, EDM, eksperimentell,[1] synthpop
Aktive år 1970 til i dag
Tilknytte artistar Organisation, Neu!
Plateselskap Kling Klang, EMI, Astralwerks, Elektra, Warner Bros., Capitol, Vertigo, Philips

Nyutgjevingar og samlingar:
Mute, Cleopatra, Parlophone, Mercury, Fontana
Medlemmer
Ralf Hütter
Fritz Hilpert
Henning Schmitz
Falk Grieffenhagen
Tidlegare medlemmer
Florian Schneider
Houschäng Néjadepour
Plato Kostic-Riviera
Peter Schmidt
Charly Weiss
Thomas Lohmann
Eberhard Kranemann
Andreas Hohmann
Klaus Dinger
Michael Rother
Emil Schult
Wolfgang Flür
Klaus Röder
Karl Bartos
Fernando Abrantes
Stefan Pfaffe
Kraftwerk-konsert i Kiev i 2008.
Foto: Andriy Makukha

Kraftwerk er ei tysk musikkgruppe starta i 1970. Gruppa har vore nyskapande og innflytnadsrik innan elektronisk musikk og krautrock.

Tidleg historie (1970-1974)[endre | endre wikiteksten]

Ralf Hütter i 1976.
Foto: Ueli Frey

Organisten Ralf Hütter og fløytisten Florian Schneider møttest mens dei studerte musikk i Düsseldorf. Dei slo seg i 1969 saman med Basil Hammoudi (vokal og diverse instrument), Butch Hauf (bass og perkusjon) og Fred Monics (trommer og perkusjon) og starta bandet Organisation. Organisation spelte avantgarde-inspirert krautrock. Etter å ha gjeve ut albumet Tone Float i 1970 gjekk Organisation i oppløysing.

Hütter og Schneider starta eit nytt band, Kraftwerk - tysk for kraftverk - saman med Klaus Dinger (trommer, gitar og keyboard) og Thomas Homann. Med dei tre første albuma - Kraftwerk (1970), Kraftwerk 2 (1971) og Ralf und Florian (1973) - var Kraftwerk med på å definere krautrock saman med band som Can, Tangerine Dream, Neu! og Amon Düül. Albuma var eksperimentelle og til ein stor grad elektroniske, og har vore viktige for utviklinga av sjangrar som ambient musikk (som Brian Eno er den mest kjende eksponenten for). Kommersiell suksess var det ikkje, og albuma er i dag vanskelege å finne.

Under den første perioden sin var Kraftwerk gjennom ei rekkje skiftar i besetninga - Thomas Homann slutta i 1970, og Kraftwerk tok inn Michael Rother og Eberhart Krahnemann, men Krahnemann slutta etter kort tid - det same gjorde Ralf Hütter. I eit halvår bestod Kraftwerk av trioen Schneider, Michael Rother og Klaus Dinger, til Hütter kom attende i 1971. Rother og Dinger slutta og starta Neu!, medan Kraftwerk fortsette som duo og gav ut sitt andre og tredje album.

Det moderne Kraftwerk oppstod i 1973, etter Ralf und Florian. Bandet bestod no av Hütter (vokal, synthesizer og elektronikk), Schneider (fløyte, synthesizer, elektronikk og etter kvart vokal), Wolfgang Flür (elektroniske trommer) og Klaus Roeder (gitar, fiolin og synthesizer). Med hjelp av Emil Schult byrja dei òg å jobbe med imaget: dei kledde seg i dressbukser og skjorter frå 1930-talet og byrja å bruke robotar som såg ut som dei sjølv på konsertar og fotosesjonar. Dei gav i 1974 ut albumet Autobahn. Mange reknar det som det beste av dei tidlege albuma deira. Det var òg det med mest elektronikk til då, berre Schneiders fløyte og Roeders gitar og fiolin fekk skine gjennom i nokre augneblinkar.

Kraftwerk på toppen (1975-1981)[endre | endre wikiteksten]

Kraftwerk i 1976.
Foto: Ueli Frey

Med singelen «Autobahn» (1975), ein 22 minutt lang song som skulle fungere som det ultimate lydsporet til ein lang biltur på motorvegen, fekk dei endeleg internasjonal merksemd. Singelen høyrdest ikkje ut som så mykje anna enn det det store publikummet hadde høyrt før, med det elektroniske landskapet, og sjølv om elektroniske instrument ikkje var noko nytt (det første gjennomelektroniske albumet, Louis og Bebe Barons Forbidden Planet, hadde kome så tidleg som i 1956), var dei aldri kombinert med poprytmar slik før. Kraftwerk kalla musikken sin for «robotpop».

Sjølv om albumet Autobahn var litt for sært for dei store massane, vart det ein kommersiell suksess, og det vart debutalbumet deira i USA. Samstundes vart dei to første albuma utgjeve på nytt.

Karl Bartos under konsert i 2005.

Klaus Roeder slutta i 1975 og vart erstatta av Karl Bartos, som spelte elektroniske trommer. Året etter kom det femte albumet til Kraftwerk, Radio-Activity (utgjeve i Tyskland som Radio-Aktivität), som var det første albumet dei spelte inn på både engelsk og tysk. Det same gjaldt for dei neste albuma: Trans-Europe Express (Trans-Europa Express, 1977), The Man Machine (Die Mensch-Maschine, 1978) og Computer World (Computerwelt, 1981). Desse albuma blir ofte rekna som gullrekkja til Kraftwerk, og inneheld litt meir tilgjengeleg og dansevennleg «robotpop» enn dei tidlegare. Temaa på albuma var høvesvis snøggtog og kommunikasjon, mennesket som maskin, urbanisering og datamaskinar som tek over verda. Òg lyrisk var Kraftwerk forut for tida si - dei song om heimedatamaskineksplosjonen allereie i 1981.

Kommersiell suksess følgde, og dei fekk òg hits med singlar som «Pocket Calculator» (1981) og «The Model» (1981). Sistnemnde vart den mestseljande singelen i 1982, trass i at han var gjeve ut som albumspor fire år tidlegare.

Nyare historie (1982-)[endre | endre wikiteksten]

Kraftwerk i Wolfsburg i 2009.

Samstundes som suksessen auka, vart Kraftwerk meir og meir tilbaketrekte. Dei fullførde bygginga av det futuristiske studioet sitt, Kling Klang, og heldt seg til ei stor grad der. Dei gjorde sjeldan intervju, og kunne etter eiga utsegn halde konsertar utan å vere til stades sjølv. Albumet Electric Cafe frå 1986 slo ikkje an, og Kraftwerk trekte seg heilt tilbake.

I 1990 annonserte trommeslagaren Flür at han sa takk for seg, og Bartos følgde han året etter. Dei to vart erstatta av Fritz «Yamo» Hilpert og Henning Schmitz, som begge hadde lang fartstid frå Kling Klang-studioet. I 1991 slapp gruppa eit album med remiksar av dei gamle songane sine, The Mix.

I 1997 gjorde Kraftwerk comeback på konsertfronten, og følgde opp med ein verdsturné året etter. I 2000 kom den første singelen til bandet på 13 år, Expo 2000. Tre år seinare kom endeleg eit nytt album, Tour de France Soundtracks.

Det er verd å nemne at Hütter og Schneider var blitt endå skyare enn dei hadde vore før – dei har svært låg medieprofil, og lèt det stort sett vere opp til plateselskapet å promotere utgjevingane. Dei to mest kjende tidlegare medlemmane, Wolfgang Flür og Karl Bartos, held ein høgare profil, og stiller opp ein del på intervju. Flür har òg skrive ei bok om livet sitt i Krafwerk, I Was A Robot, medan Bartos har spela med Electronic og utgjeve tre soloalbum (Electric Music: Esperanto, 1994, Electric Music, 1998 og Communication, 2003).

Etter kvart som åra har gått har Kraftwerk sin innverknad vorte tydelegare og tydelegare. Så vel elektronika som techno, dance som synthpop, post-punk som hip-hop og ambient som intelligent dance music som industrial har svært mykje å takke Kraftwerk for. Sannsynlegvis hadde fleire av desse sjangrane ikkje eksistert utan dei. Ei rekkje artistar, mellom anna Afrika Bambataa, R.E.M., Beck, The Chemical Brothers, The Orb, Depeche Mode, De La Soul, Fatboy Slim og Madonna, har brukt sample frå Kraftwerk-songar. Kraftwerk har ein tilhengjarskare som i tillegg til desse inneheld Gary Numan, Primal Scream, David Bowie og Human League. I Noreg er det òg mange Kraftwerk-inspirerte band, mellom anna 120 Days.

Kraftwerk var òg eit av dei første banda som brukte trommemaskin.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Samlealbum[endre | endre wikiteksten]

  • Highrail (1971)
  • Doppelalbum (1975)
  • Exceller 8 (1975)
  • Pop Lions (1976)
  • Elektrocinetik (1981)
  • Works (Arbeiten/Ouvres, 1991)
  • The Model - Retrospective 1975-1978 (1992)
  • The Capitol Years (1994)
  • The Model: Best of Kraftwerk (1994)
  • Vor Uns Metropolis (1998)
  • The Best of Kraftwerk (1999)

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • «Kohoutek - Kometenmelodie» (1973)
  • «Autobahn» (1975)
  • «Kometenmelodie 2» (1975)
  • «Radioactivity» (1976)
  • «Trans-Europe Express» (1977)
  • «Showroom Dummies» (1977)
  • «The Robots» (1978)
  • «The Model» / »Neon Lights» (1978)
  • «Pocket Calculator» (1981)
  • «Computer Love» (1981)
  • «Computer World» (1982)
  • «Tour de France» (1983)
  • «Tour de France» (remiks, 1983)
  • «Musique Non Stop» (1986)
  • «The Telephone Call» (1987)
  • «The Robots» (nyinnspilling/remiks, 1991)
  • «Radioactivity» (nyinnspilling/remiks, 1991)
  • «Tour de France» (1999)
  • «Expo 2000» (1999)
  • «Expo Remix» (2000)
  • «Tour de France 2003» (2003)
  • «Aerodynamik» (2004)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kraftwerk