Richard Wright

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om musikaren. For forfattaren, sjå Richard Wright (1908-1960).
Richard Wright
Rickwright.jpg
Verkeleg namn Richard William Wright
Alias Rick Wright
Fødd 28. juli, 1945 i Hatch End i London i England
Død 15. september, 2008 (65 år)
Instrument Tangentinstrument, orgel, piano, synthesizer og vokal
Sjanger Progressiv rock, psykedelisk rock, new age
Aktive år 1964 til 2008
Yrke Musikar
Tilknytt artistar Pink Floyd, Zee
Plateselskap Capitol
Columbia
EMI
Harvest

Richard William «Rick» Wright (28. juli 194315. september 2008) var ein britisk sjølvlærd pianist og tangentinstrumentalist som er mest kjend for si lange karriere i bandet Pink Floyd.

Han var eit av medlemmane som starta bandet i 1965, og var og med i dei tidlege utgåvene av bandet, Sigma 6 og The (Screaming) Abdabs. Sjølv om han ikkje medverka like mykje på låtskrivarsida som sine bandkollegaer Roger Waters og David Gilmour, var lyden frå Wright sine orgel, piano og synthesizerar ein svært viktig del av lydbilete til Pink Floyd. Den første tida til Pink Floyd vart Rick Wright (i lag med Syd Barrett, som skreiv dei fleste songane i starten) sett på som ei av dei dominerande musikalske drivkreftene i bandet, og skreiv og song fleire songar i 1967-1968. Etter kvart som måla og lydbilete til bandet endra seg, skreiv Wright færre songar og fokuserte meir på å medverke med sin særeigne spelestil, lange instrumentalkomposisjonar som «Interstellar Overdrive», «A Saucerful of Secrets», «Careful With That Axe, Eugene», «One Of These Days» og musikalske tema til filmar (More, Zabriskie Point og Obscured by Clouds). Han medverka òg på dei lange, episke komposisjonane til Pink Floyd som «Atom Heart Mother», «Echoes» og «Shine On You Crazy Diamond». Hans mest populære komposisjonar er «The Great Gig in the Sky» og «Us and Them» frå The Dark Side of the Moon i 1973.

Wright sin stil blanda jazz og neoklassisk musikk med enkle harmoniske struktuarar frå dei meir blues- og viseprega songane til Roger Waters og David Gilmour. I motsetnad til samtidige tangentspelarar som Rick Wakeman, Tony Banks eller Keith Emerson, spela ikkje Wright så ofte soloar, men ein kan finne soloane hans i songar som «Atom Heart Mother», «Echoes», «Any Colour You Like», «Shine On You Crazy Diamond», «Welcome to the Machine», «Dogs», «Run Like Hell» og «Keep Talking». Wright er kjend for sine spøkjelsesaktige og atmosfæriske lydkulissar, slik som byrjinga av «Echoes», orgelet på konsertversjonar av «Careful With That Axe, Eugene» og «Set The Controls for the Heart of the Sun», Minimoogsoloane i «Any Colour You Like» og «Shine On You Crazy Diamond» og dei jazzaktige elektriske pianopartia i «Money», «Time» og «Sheep». I «A Saucerful of Secrets» og «Sysyphus» eksperimenterte han med «handsama» piano, og i «Sysyphus» vart det òg brukt ein del Mellotron, som var uvanleg for Pink Floyd. Wright brukte òg indiske modalskalaer (frygisk skala) i «Set The Controls for the Heart of the Sun» og «Matilda Mother». Sjølv om Wright sjeldan vert nemnd blant dei store synthesizerspelarane, er det velkjend at Wright sitt arbeid for Pink Floyd har vore banebrytande.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Pink Floyd-karriere[endre | endre wikiteksten]

Den aller første tida av bandet dreiv Wright med blåseinstrument før han gjekk over til Farfisaorgel på scenen (i tillegg til piano og hammondorgel i studio). Ei kort periode i 1969 spelte han òg vibrafon på eit par av bandet sine songar og på enkelte konsertar, i tillegg til trombone på «Biding My Time». I åra med Syd Barrett brukte Wright Farfisaorgelet mykje gjennom ekkoeffektar for å få den spesielle «psykedeliske» lyden bandet vart kjend for. I tida etter Barrett byrja han å bruke hammondorgel ein del på konsertar, og etter kvart flygel då «Echoes» vart ein fast del av konsertane deira. På turnéar etter The Dark Side of the Moon var Farfisaorgelet lite brukt, men det vart brakt tilbake igjen for David Gilmour sin On an Island-turné der Wright medverka. Fleire andre instrument vart derimot brukt, som Fender Rhodes, Wurlitzer og andre elektriske piano, VCS 3, Minimoog, ARP-synthesizerar og Prophet 5-synthesizer. Sidan 1987 har Wright haldt seg mykje til digitale Kurzweilsynthesizerar.

Ved å bruke songar som ikkje passa inn på Pink Floyd-albumet Animals, gav Wright ut sitt første soloalbum i september 1978 utan mykje oppstyr. Wright kjempa med både personlege problem og stadig dårlegare forhold til Roger Waters, og under innspelinga av The Wall i 1979 fekk han sparken frå bandet. Han vart derimot med på den påfølgjande turneen som innleigd musikar. Sidan dei spektakulære konsertane vart eit tapsprosjekt for dei tre andre medlemmane i Pink Floyd, var Wright den einaste av dei fire som tente pengar på turnéen. I 1983 gav Pink Floyd ut albumet The Final Cut, det einaste Pink Floyd-albumet utan Richard Wright.

I 1984 danna Wright ein ny musikalsk duo med Dave Harris (frå bandet Fashion) kalla Zee. Dei signerte ein platekontrakt med Atlantic Records og gav berre ut eitt album, Identity, som fekk dårlege kritikkar og selde lite. Wright forlét Zee i 1986 for å bli med i Pink Floyd igjen etter at Waters forlét bandet. På grunn av retts- og kontraktsmessige årsaker vart han «leigd» inn som musikar, og var ikkje eit offisielt medlem av bandet då dei gav ut albumet A Momentary Lapse of Reason i 1987. Under verdsturnéen like etter kunne derimot Wright igjen kalle seg eit medlem av Pink Floyd, og i 1994 medverka han som låtskrivar på fem songar på The Division Bell, i tillegg til å synge «Wearing the Inside Out».

Det siste tiåret[endre | endre wikiteksten]

I 1996 gav Wright ut sitt andre soloalbumn, Broken China, som inkluderte Sinéad O'Connor på vokal, Pino Palladino på bass, Manu Katché på trommer og Dominic Miller og Tim Renwick på gitar. Broken China vart rekna for å vere langt meir fokusert og betre album enn Wet Dream. Wright fekk hjelp av Anthony Moore som var medlåtskrivar på mange av songane.

2. juli 2005 stod Wright igjen på same scene som Gilmour, Mason og Waters for første gong sidan The Wall-konsertane i 1981. Denne gongen var det Live 8-konserten i London. I november 2005 måtte Wright ha ein augeoperasjon for katarakt, og derfor kunne han ikkje delta då Pink Floyd vart tildelt ein plass i det britske ærsgalleriet for rock.

Wright medverka med tangentinstrument og som korist på David Gilmour sitt soloalbum On an Island, som kom ut i 2006, og var med på den påfølgjande turnéen. Waters inviterte Wright med på sin The Dark Side of the Moon Live-turné same året, men han avslo sidan han arbeidde på sitt nye soloalbum (som ikkje er kome ut enno, men som er venta i 2007).

Wright døydde av kreft i 2008

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

For platene hans med Pink Floyd sjå Pink Floyd-diskografi

Soloalbum[endre | endre wikiteksten]

15. september, 1978 Wet Dream
26. november, 1996 Broken China

Zee-album[endre | endre wikiteksten]

9. april, 1984 Identity

Med David Gilmour[endre | endre wikiteksten]

Oktober, 2002 David Gilmour in Concert (DVD)
6. mars, 2006 On an Island

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Pink Floyd
Syd Barrett | David Gilmour | Nick Mason | Roger Waters | Richard Wright
Diskografi
Studioalbum: The Piper at the Gates of Dawn (1967) | A Saucerful of Secrets (1968) | Ummagumma (1969) | Atom Heart Mother (1970) | Meddle (1971) | The Dark Side of the Moon (1973) | Wish You Were Here (1975) | Animals (1977) | The Wall (1979) | The Final Cut (1983) | A Momentary Lapse of Reason (1987) | The Division Bell (1994)
Filmmusikk: Tonite Let’s All Make Love in London (1968) | More (1969) | Zabriskie Point (1970) | Obscured by Clouds (1972)
Konsertalbum: Ummagumma (1969) | Delicate Sound of Thunder (1988) | P*U*L*S*E (1995) | Is There Anybody Out There? The Wall Live 1980-81 (2000)
Samlealbum: Relics (1971) | A Nice Pair (1973) | Masters of Rock (1974) | A Collection of Great Dance Songs (1981) | Works (1983) | Shine On (The Early Singles) (1992) 1967 Singles Sampler (1997) | Echoes (2001)
Filmar
Live at Pompeii | The Wall | Delicate Sound of Thunder | La Carrera Panamericana | London ’66-’67 | P*U*L*S*E
Tilknytta artikklar
Bob Klose | Alan Parsons | Dick Parry | Storm Thorgerson/Hipgnosis | Steve O’Rourke | Konsertar | Publius Enigma | The Man and the Journey