Mona Elisabeth Brøther

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mona Elisabeth Brøther
Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. januar 1952 (72 år)
Yrke diplomat
Politisk parti Miljøpartiet Dei Grøne

Mona Elisabeth Brøther (fødd 9. januar 1952 i Oslo) er ein norsk tidlegare diplomat. Ho har vore norsk ambassadør til Canada, Chile, Ecuador, Peru og Venezuela.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Brøther er cand.mag. frå Universitetet i Oslo i 1978 og blei tatt opp på Utanriksdepartementets aspirantkurs i 1979. Ho tiltreddee som ambassadesekretær ved Den norske ambassaden i Caracas i 1981.[1] Frå 1989 til 1989 hadde ho leiarstillingar i pressekontoret til UD, i kulturseksjonen i UD og deretter i seksjon for miljø og bærekraftig utvikling.

Brøther var ambassadør til Chile i perioden 2000–2004 med sideakkreditering i Lima, Peru og Quito, Ecuador.[2] Brøther leia prosjektgruppa for formaliseringsagendaen i UD og givarlandsgruppa til Commission on Legal Empowerment of the Poor i perioden 2005-2008. Kommisjonen blei leia av Madeleine Albright frå USA og Hernando de Soto frå Peru. I perioden 2008–2009 var Brøther fungerande ambassadør ved Den norske ambassaden i Caracas i Venezuela, og i 2009 blei ho utnemnd til avdelingsdirektør og nestleiar i Avdeling for kultur, norgesfremme og protokoll i Utanriksdepartementet. Frå 2012 til 2016 var ho den norske ambassadøren i Canada.[3]

I perioden 2006-2007 var Brøther leiar av avdelinga til NTL i Utanriksdepartementet.

I 2017 stod Brøther på 6. plass på stortingsvallista til Oslo MDG og har vore den internasjonale kontakten for og medlem av sentralstyret til MDG.[4] Ho er assosiert partnar hos analysebyrået Menon Economics og spesialrådgjevar i NOREF. Brøther har saman med ektefelleen Åsmund Baklien kjøpt og rehabilitert Den blå lanterneLyngør.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Brøther er kommandør av Den Kongelige Norske Fortjenstorden.[5]. Ho er også tildelt storkross av den chilenske Bernardo O'Higgins-ordenen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Elisabeth Vislie, Vår kvinne i Syd-Amerika i Aftenpostens aftenutgave, 20. august 1983.
  2. Chile slår Norge på laks i Adresseavisen den 7. august 2001.
  3. 70 års omtale i Aftenposten 9. januar 2021
  4. «valglister-og-kandidater-2017 Oslo» (PDF). Henta 13. mai 2020. 
  5. Norges statskalender 2008