Montreux
| Montreux | |||
|---|---|---|---|
|
|||
| Plassering | |||
|
|
|||
| Styresmakter | |||
| Land | |||
| Kanton | Vaud | ||
| Distrikt | Riviera-Pays-d'Enhaut | ||
| Språk | fransk | ||
| Borgarmeister | Pierre Salvi | ||
| Geografi | |||
| Flatevidd - kommune |
33,40 km² |
||
| Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik |
24 579 735,9 /km² |
||
| Koordinatar | Koordinatar: | ||
| Høgd over havet | 390 moh | ||
| Diverse annan informasjon | |||
| Postnummer | 1820 | ||
| Nettstad: www.montreux.ch | |||
Montreux er ein by og ein kommune i distriktet Riviera-Pays-d'Enhaut i kantonen Vaud i Sveits. Kommunen har 24 579 innbyggjarar (2010) og eit areal på 33 km². Kommunesenteret ligg 390 meter over havet. Byen ligg på nordbreidda av Genfersjøen, aust for Lausanne.
Montreux er ein kjend kurstad og særleg kjend for ulike kulturarrangement. Fremst mellom desse er Montreux Jazz Festival. Fram til 2003 vart Festival Rose d'Or (Montreuxfestivalen), som delte ut prisen Gullrosa for framifrå fjernsynsprogram, arrangert i byen. Sidan 2004 har den sistnemnde festivalen vorte arrangert i Lausanne.
Det går ein tannhjulbane frå bysentrum via Caux 10,4 km til Rochers de Naye (1970 moh.). Sør for bysenteret ligg slottet Chillon frå 800- eller 900-talet.
Innhaldsliste |
Kjende innbyggjarar[endre]
- Ian Anderson - (fødd 1947), skotsk musikar, frontmann i Jethro Tull.
- Richard Bonynge, australsk dirigent og pianist
- Sergei Aleksandrovich Buturlin – (1872–1938), russisk ornitolog
- Noël Coward - (1899–1973), engelsk komponist, dirigent, skodespelar og songar.
- A. J. Cronin – (1896–1981), skotsk forfattar
- Laurent Dufaux – (fødd 1969), sveitsisk syklist
- Jean Villard Gilles – (1895–1982), sveitsisk songar og låtskrivar
- Barbara Hendricks – (fødd 1948), amerikanskfødd operasongar
- Patrick Juvet – (fødd 1950), sveitsisk songar og låtskrivar
- Tony Lewis – (fødd 1956), amerikansksongar og låtskrivar
- Zelda Fitzgerald - (1900–1948), kona til den amerikanske forfattaren F. Scott Fitzgerald
- Carl Gustaf Emil Mannerheim - (1867–1951), finsk statsmann
- Freddie Mercury – (1946–1991), britisk musikar, frontmann i Queen
- Vladimir Nabokov – (1899–1977), russisk-amerikansk forfattar
- Claude Nobs – (fødd 1939), grunnleggjar av Montreux Jazz Festival
- Luc Plamondon – (fødd 1942), fransk-kanadisk tekstforfattar
- Uri Rosenthal - (fødd 1945), nederlandsk politikar
- Jean-Jacques Rousseau – (1712–1778), sveitsisk filosof og forfattar
- Emil Steinberger – (fødd 1933), sveitsisk komikar, forfattar og skodespelar
- Igor Stravinskij – (1882–1971), russisk komponist
- Dame Joan Sutherland- (1926–2010), australsk operasongar
- Pjotr Tsjajkovskij – (1840–1893), russisk komponist
- Shania Twain – (fødd 1965), kanadisk songar og låtskrivar
- Yechiel Yaakov Weinberg - (1884–1966), litauisk forfattar
- Ardeshir Zahedi - (fødd 1928), iransk utanriksminister og svigersonen til sjaen av Iran.
Galleri[endre]
-
Genfersjøen frå Montreux, Joseph Mallord William Turner, 1810
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen bygger på «Montreux» frå Wikipedia på engelsk, den 23. mars 2012.
Bakgrunnsstoff[endre]
- fusions.ch: kultur og turisme i Montreux med mange bilete
- Montreuxmusic.com
- www.montreux.ch
- Commune de Montreux (fransk) Offisiell nettstad
- Montreux på tysk, fransk og italiensk i det nettbaserte Historical Dictionary of Switzerland.
- Planches, Les på tysk, fransk og italiensk i det nettbaserte Historical Dictionary of Switzerland.
- Châtelard, Le (VD) på tysk, fransk og italiensk i det nettbaserte Historical Dictionary of Switzerland.
- Montreux-Vevey turistkontor
Reiseguide for Montreux frå Wikivoyage- Offisiell side for Montreux Jazz Festival
- Deep Purple's Ian Gillan om episode i byen som fekk han til å skrive teksten til «Smoke on the Water»