Genfersjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Genfersjøen
Fleire namn Tysk Genfersee, fransk Lac Léman eller le Léman, 'Lémansjøen' og Lac de Genève, 'Genèvesjøen'
Genfersjøen - Genfersjøen sett frå Montreux
Genfersjøen sett frå Montreux
Genfersjøen -
Koordinatar 46°26′N 6°33′EKoordinatar: 46°26′N 6°33′E
Tilsig Rhône, La Drance, L'Aubonne, La Morges, Venoge, og Veveyse
Utsig Rhône
Tilsigsområde 7 975 km²
Tilknytte land Sveits, Frankrike
Største lengde 73 km
Største breidde 14 km
Overflateareal 582 km²
Middeldjupne 154,4 m
Største djupne 310 m
Vassvolum 89 km³
Hydraulisk opphaldstid 11,4 år
Høgd over havet 372 m
Øyar Ile de la Harpe, Ile de Peilz
Busetnadar Montreux, Genève, Lausanne

Genfersjøen er den nest største ferskvassinnsjøen i Sentral-Europa etter Balatonsjøen. 60 % av innsjøen ligg i Sveits (kantonane Vaud, Genève og Valais), medan resten ligg i Frankrike og Haute-Savoie.

Innsjøen, som vart danna av isbrear under den siste istida vert smalare frå Yvoire og sørover, og innsjøen vert derfor delt inn i dei to delane Grand Lac (Stor innsjø) i aust, og Petit Lac (Liten innsjø) i vest.

Genfersjøen er ein innsjø på elva Rhône. Ho har sitt utspring ved Rhônebreen nær Grimselpasset aust for innsjøen og renn ned gjennom Valais, og ut i innsjøen mellom Villeneuve og Saint-Gingolph. Ho renn vidare frå Genfersjøen ved Genève. Andre elvar som munnar ut i Genfersjøen er La Drance, L'Aubonne, La Morges, Venoge, og Veveyse.

I 1960-åra var ikkje lenger innsjøen den viktige transport åra han hadde vore i mange hundre år. Seint på 1960-talet var innsjøen så forureina at det var farleg å bade ved enkelte strender, og turistar på tur i den lokale ubåten hadde nærast null sikt. Ubåten vart til slutt seld. I 1980-åra hadde kraftig miljøforureining (eutrofiering) tatt knekken på nesten all fisk i innsjøen. I dag er forureiningsnivået mykje lågare, og det er heilt trygt å ta seg eit bad. Innsjøen vert i dag nytta til segling, vindsurfing, båtsport (som vasski og wakeboard), roing, dykking og bading.

Kyststripa mellom Nyon og Lausanne vert kalla La Côte, og mellom Lausanne og Vevey vert ho kalla Lavaux.

Namn[endre | endre wikiteksten]

J.M.W. Turner: Genfersjøen frå Montreux, 1810.

Det første nedteikna namnet på innsjøen er Lacus Lemannus frå romartida, men skifta seinare namn til Lacus Lausonius, Lacus Losanetes og så Lac de Lausanne i mellomalderen. Etter at Genève utvikla seg vart innsjøen kalla Lac de Genève (Genèvesjøen), og på 1700-talet kom det som i dag er det offisielle franske namnet på innsjøen, Lac Léman. Enkelte kart kallar innsjøen Lac d'Ouchy (etter ei hamn ved Lausanne).

Ymse[endre | endre wikiteksten]

Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]

CGN hjuldamperen Montreux går ut frå Évian-les-Bains i juli 2002.

Dette er ei liste over byar og landsbyar ved Genfersjøen. Ho startar der Rhône munnar ut i aust, og med sørsida til venstre.

Sørsida Nordsida
Grand Lac
Petit Lac

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Genfersjøen

Kjelde[endre | endre wikiteksten]