Moskvakanalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Moskvakanalen
Moskvakanalen med hovedløp og reservoardammar
Moskvakanalen med hovedløp og reservoardammar
Land i nedslagsfelt Flag of Russia.svg Russland
Lengd 128 km

Moskvakanalen (fram til 1947 kalla Moskva-Volga-kanalen) er ein kanal som knyt saman Moskvaelva med hovudtransportåra i den europeiske delen av Russland, elva Volga. Kanalen ligg i Moskva og Tver oblast nord for Moskva.

Kanalen vart bygd av politiske fangar under stalintida. Arbeidet tok til i 1932 og var fullført i 1937. Kanalen er 128 kilometer lang. På grunn av kanalen har Moskva tilgang til fem hav; Kvitsjøen, Austersjøen, Kaspihavet, Azovhavet og Svartehavet, det er derfor Moskva nokre gonger vert kalla «hamnebyen til dei fem hav». I tillegg til transport forsyner kanalen òg Moskva med om lag halvparten av nødvendig ferskvatn og dei mange reservoara langs elva vert nytta for rekreasjon.

Kanalen er derimot dårleg vedlikehaldt og nødvendig opprustning er rekna for å kome på mellom 1,5 - 3 milliardar rublar (ca 350 - 700 millionar NOK).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]