Mostonga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mostonga (Мостонга)
Mostonga.JPG
Utspring Sombor i Vojvodina
Munning Donau ved Mladenovo i Vojvodina
Land i nedslagsfelt Flag of Serbia.svg Serbia
Lengd 70 km (tidlegare 92 km)

Mostonga (serbisk Мостонга) er ei elv nord i Serbia i regionen Bačka og provinsen Vojvodina, ei 70 km lang sideelv til Donau frå venstre. Ho var tidlegare 92 km lang, men endringar i elveleiet og kanalisering har gjort ho kortare.

Mostonga spring ut frå eit myrområde nord for byen Sombor nordvest i Vojvodina. Ho renn parallelt til Donau og etter landsbyane Doroslovo og Srpski Miletić vert ho ein del av hovudkanalen i Vojvodina og Serbia, Donau-Tisa-Donau-kanalen (DTD). Nordvest for byen Odžaci går ho ut frå kanalen att, og er sjølv kanalisert. Ho munnar ut i Donau vest for byen Bačka Palanka.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]