Mount Ruapehu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mount Ruapeho
Mount Ruapeho - Ruapehu frå Rangataua.
Ruapehu frå Rangataua.
Høgd over havet 2797 m
Ligg i/på New Zealand New Zealand
Koordinatar 39°17′S″S 175°34′S″EKoordinatar: 39°17′S″S 175°34′S″E
Fjelltype Stratovulkan
Geologi Andesitt
Siste utbrot 25. september 2007
Førsteklatring 1879, G. Beetham & J. P. Maxwell
Lettaste rute Gangsti
Mount Ruapehu is located in New Zealand
Mount Ruapehu på Nordøya
Samansett satellittbilete sett mot vest over Ruapehu, med den eldre, eroderte vulkanen Hauhungatahi i bakgrunnen, og toppen av Ngauruhoe til høgre.
Større vulkanar på New Zealand
Ferske laharløp ned dei austlege hellingane på Ruapehu, 27. mars 2007.

Mount Ruapehu, eller berre Ruapehu, er ein aktiv stratovulkan ved den sørlege enden til Taupo Volcanic ZoneNew Zealand. Han ligg 23 km nordaust for Ohakune og 40 km sørvest for den sørlege breidda til Lake Taupo, i Tongariro National Park. Dei største skisportsentra og dei einaste isbreaneNordøya ligg i hellingane til vulkanen.

Ruapehu er ein av dei mest aktive vulkanane på jorda[1] og den største aktive vulkanen på New Zealand. Toppen er det høgaste punktet på Nordøya, og omfattar tre større toppar: Tahurangi (2 797 m), Te Heuheu (2 755 m) og Paretetaitonga (2 751 m). Det djupe, aktive, kratereret ligg mellom toppane, og vert oppfylt til ein kratersjø mellom dei store utbrota.

Vulkansk aktivitet[endre | endre wikiteksten]

Utsikt frå vegen til Whakapapa skisenter.

Ruapehu er for ein stor del oppbygd av andesitt og byrja med utbrot for minst 250 000 år sidan. I vår tid har det vore større utbrot med om lag 50 års mellomrom,[1] i 1895, 1945 og 19951996. Mindre utbrot er vanlege, og det har vore minst 60 sidan 1945. Somme av dei mindre utbrota i 1970-åra danna små oskenedfall og laharar (jord- eller gjørmeskred) som skada skiområde[2].

Mellom dei store utbrota dannar det seg ein varm, sur kratersjø, som vert fylt opp av smelta snø. Store utbrot kan tømma sjøen fullstendig. Der eit stort utbot har danna ein tefradam over avløpet til sjøen, kan denne dammen kollapsa etter at sjøen er fylt opp att, og stige til eit høgare nivå enn det normale avløpet, og vassflaumen kan skapa eit stort gjørmeskred. I året 2000 vart varslingssystemet ERLAWS installert på fjellet for å varsla om slike kollaps og alarmera dei aktuelle styresmaktene.

Utbrotet i 1945 og etterspelet[endre | endre wikiteksten]

Utbrotet i 1945 tømde kratersjøen og stengde utløpet med tefra. Krateret vart sakte fylt opp med vatn, og den 24. desember 1953 kollapsa tefradammen og og laga eit gjørmeskred ut i Whangaehu River. Skredet vart årsaka til Tangiwaiulukka, med tap av 151 menneskeliv, då Tangiwa-jarnvegsbrua over Whangaehu River fall saman medan skredet var på sitt sterkaste, like før eit ekspresstog køyrde over henne. Det var alt kjent at elva delvis hadde grave under eit av brupillara, og skredet fullførte jobben og fekk brua til å falla saman. Sjølv om han fekk varsel om den samanfalne brua, var lokomotivøraren ute av stand til å stoppa toget, og seks av vognene fall i elva.

Ruapehu ved soloppgang.

Utbrota i 1995-96[endre | endre wikiteksten]

Storslåtte utbrot fann stad gjennom 1995 og 1996. Ruapehu hadde vist tiltakande aktivitet sidan sist i november 1994, med auka temperaturar i kratersjøen, og ein serie utbrot som tiltok i intensitet gjennom om lag ni månadar. Fleire skred vart observerte, både i Whangaehu River og i andre område på fjellet, mellom 18. og 25. september 1995, noko som tyda på at kratersjøen vart tømt av utbrota. Miljøverndepartementet på New Zealand (Department of Conservation) sende straks ut fårevarsel, og råda folk til å halda seg borte frå fjellet, og skisesongen vart avslutta. Skyer frå utbrota hindra flytrafikken, og stengde innimellom flyplassar og luftrommet over den sentrale Nordøya. Episodiske utbrot heldt fram til slutten av november 1995.

I løpet av få timar etter at det vart meldt om eit større utbrot den 25. september 1995, freista nyhendemedia å senda direkte video av utbrotet, og amatørfotografar hadde lagt ut bilete på verdsveven. Eit webkamera, kalla det første «Vulkanokam» i verda, vart sett opp. Sidan då har Ruapehu vore overvaka med minst eitt, og stundom fleire webkamera.

Kratersjø på Tahurangi, den høgaste toppen (øvst til høgre); tefradammen frå 1996 (blåleg mørkt område i kanten av sjøen like under Tahurangi); foto frå 2005.

Eit anna mindre utbrot starta om morgonen den 17. juni 1996. Fjellet vart stengt for tilreisande og skisentra vart ikkje opna i denne sesongen.

Etter utbrotet i 1996 vart det oppdaga at eit katastrofalt gjørmeskred kunne verta utløyst att når kratersjøen trengde seg gjennom dammen av vulkansk oske som blokkerte utløpet av sjøen. Dette var den same mekanismen som valda skredet i 1953. Sjøen fylte seg gradvis opp med smelta snø og nådde opp til kanten av fast fjell i januar 2005. Skredet fann til slutt stad 18. mars 2007 (sjå nedanfor).

Utbrotet i 2006[endre | endre wikiteksten]

Ruapehu fekk eit utbrot klokka 10.30 den 4. oktober 2006. Det vesle utbrotet skapte eit vulkansk jordskjelv med styrke 2,8 på Richters skala, sende ei 200 m høg vass-søyle opp i lufta, og seks meter høge bølgjer slo inn mot kraterveggene[3][4].

Lahar i 2007[endre | endre wikiteksten]

Den 18. mars 2007 brast tefradammen som hadde halde tilbake kratersjøen, og sende eit gjørmeskred ned fjellsida. Ein estimert mengde på 1,4 millionar av gjørme, stein og vatn fossa ned Whangaehu river. Miljødepartementet hadde motteke varselsignal frå varslingssystemet ERLAWS (Eastern Ruapehu Alarm and Warning System) kring klokka 10.30 denne morgonen, og stengde alle større vegar i området og hovudlinjene på jarnvegen på heile Nordøya. Heldigvis heldt elvebreiddene, og det vart inga overfløyming. Skadeomfanget var heller ikkje alvorleg, og ingen menneske kom til skade. Berre ein familie vart stengde inne i eit døgn, fordi skredet øydela tilkomsten til bustaden deira[5].

Utbrotet i 2007[endre | endre wikiteksten]

Mount Ruahpehu, brent inn i ei treplate av Párvusz

Kring klokka 20.20 den 25. september 2007 skjedde eit hydrotermisk utbrot utan varsel[6][7]. William Pike, ein 22 år gamal lærar, fekk det eine beinet knust under ein stein under utbrotet, og steinen var for tung til at turkameraten hans greidde å løfta han vekk, så det vart iverksett ein redningsoperasjon for å få han laus. To gjørmeskred som kom ned frå fjellet, aktiverte varselssystemet, slik at ein fekk evakuert nokre av skihyttene på fjellet og stengt dei næraste vegane. Utbrotet vart etterfølgt av eit sju minuttar langt jordskjelv med styrke 2,9 på Richters skala.

Varsel i 2008[endre | endre wikiteksten]

Den 2. mai 2008 vart det sendt ut eit varsel med grad 1 etter at forskarar ved forskingsinstituttet GNS Science (Institute of Geological and Nuclear Sciences) som overvaka sjøen, fann teikn til uregelbunden vulkansk aktivitet. Dette omfatta auka kjemiske endringar, større gassmengder og høgare temperatur i sjøen. Varselet vart sendt ut for å lata tilreisande vita at risikoen for at det kunne skje ein eksplosjon var større enn vanleg, og at han kunne koma når som helst. Det kunne også verta ein etterfølgjar av utbrotet frå året før[8].

Ei fråsegn frå GeoNet New Zealand, utgjeven 21. juli 2008 stadfesta at den noverande fasen av vulkansk uro synest å vera over, men Ruapehu er framleis ein aktiv vulkan. Framtidige utbrot kan inntreffa utan forvarsel[9]. Alarmnivået vart liggjande på 1, på same nivå det har lege sidan 1997.

Varsel i 2011[endre | endre wikiteksten]

Den 5. april 2011 endra GeoNet den vulkanske luftfartsfargekoden til Mount Ruapehu frå grøn til gul (auka aktivitet ut over det vanlege nivået). Det vulkanske alarmnivået til Ruapehu vart verande på nivå 1 (teikn til vulkansk aktivitet). Luftfartsfargekoden vart endra fordi det over ein lenge periode vart målt auka vasstemperaturar i kratersjøen (kring 38 - 39 °C), og dessutan vart det påvist endringar i vulkanske gassutslepp, i seismisk aktivitet og i den kjemiske samansetjinga av vatnet i sjøen[10].

Skisentra[endre | endre wikiteksten]

Ruapehu har to kommersielle skisentra, Whakapapa på nordsida og Turoa i den sørlege hellinga. Desse er dei to største skisentra på New Zealand, Whakapapa er det største. Det private Tukinosenteret ligg på austsida av fjellet. Sesongen er vanlegvis mellom juni og oktober, men er avhengig av snø- og vêrtilhøve. Begge skisentra er tilgjengelege med bil og stolheisar, løypene varierer frå nybyrjar til ekspert. Der er avgrensa høve til innkvartering og servering fleire stader på fjellet, og hytter for fotturistar og klatrarar.

Vêrlag[endre | endre wikiteksten]

Ruapehu i januar 2002.

Vêrtilhøva kan endra seg over dagen, og tilreisande vert råda til å ha med seg basalt overlevingsutstyr. Sjølv om sterke uvêr er uvanleg, og vanlegvis varsla i førevegen, har fjellet kravd fleire liv gjennom åra, mellom desse ei gruppe på fem soldatar som vart fanga i ein vekelang storm under ein vekeland overlevingsmanøver i 1990[11]. Same uvêret fanga også ein japansk turist, han han laga seg ei snøhole som han søkte ly i til han vart redda fleire dagar seinare[12].

Den 5. juli 2003 vart om lag 350 skiløparar og 70 tilsette ved skisenteret innestengde på fjellet natta over på Top o'the Bruce då ein uventa snøstorm blæs opp og i løpet av få minuttar gjorde det fårleg å køyra ned frå fjellet. Slike brå vêrskifte er typiske for vêret i newzealandske fjell.

Laurdag 26. juli 2008 vart skiløparar på nytt innestengde på fjellet over natta, då ein plutseleg snøstorm gjorde at skisenteret måtte stengja klokka 10:30 om føremiddagen oggjorde framkomsten på vegen fårleg for køyretøy utan firehjuls-drift eller snø-kjettingar. [13]. Alle bilar kunne køyra trygt ned frå fjellet neste morgon.

Anna[endre | endre wikiteksten]

Ruapehu var skodeplass for landet Mordor i den tredje delen av filmtriologien Ringdrotten.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 New Zealand Department of Conservation. Crater Lake.
  2. New Zealand Department of Conservation. Central North Island Volcanoes.
  3. «Ruapehu Volcanic warning update». http://www.doc.govt.nz/templates/news.aspx?id=42381. Henta 02-07-2011. 
  4. Feek, Belinda (7 October 2006). «High-risk warning on Ruapehu remains». Wanganui Chronicle. 
  5. Photos: Lahar could have been much worse - 18 Mar 2007 - NZ Herald: New Zealand National news
  6. GeoNet – alert bulletin: Sept 26 2007, 3:30 pm - Ruapehu Volcano
  7. GeoNet – alert bulletin: Sept 27 2007, 12:30 pm - Ruapehu Volcano
  8. Mt Ruapehu shows signs of erupting - DOC. The New Zealand Herald (2 mai 2008).
  9. alert bulletin: Jul 21 2008, 3:00 pm - Ruapehu Volcano. GeoNet NZ (1. august 2008).
  10. Volcanic Alert Bulletin RUA-2011/02. GeoNet (5. april 2011).
  11. Special Honours List 1999. New Zealand Government (23. oktober 1999).
  12. Shiels, Rosa (23 May 2002). «Tastes of Japan». The Press. 
  13. «Northland cops it as storm sweeps island». Fairfax New Zealand. 26 July 2008. Arkivert frå originalen den 2009-02-11. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]