Muammar al-Gaddafi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Muammar al-Gaddafi i Addis Abeba i 2009.

Muammar al-Gaddafi (7. juni 194220. oktober 2011) var ein libysk politikar. Frå 1969 til 2011 var han statssjef i Libya.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Muammar al-Gaddafi voks opp som yngste barnet i ein bondefamilie i ørkenregionen Surt. I unge år var han inspirert av den egyptiske presidenten Gamal Abdel Nasser som vart president ved å appellera til arabisk samkjensle. Gadhafi vart utvist frå skulen i 1961 grunna politisk aktivisme. Han studerte vidare jus ved Universitetet i Libya, gjekk på militærakademi i byen Benghazi der han vart uteksaminert i 1965. I 1966 kom han tilbake til Libya som offiser.

Statskuppet i 1969[endre | endre wikiteksten]

Den 1. september 1969 leidde Gaddafi ei lita gruppe offiserar til å gjera statskupp mot den dåverande kong Idris I. Etter planen skulle nevøen hans, kronprins Hasan as-Senussi bli konge 2. september. I staden vart kronprinsen sett i husarrest, monarkiet i Libya avskipa, og Den sosialistiske arabiske folkerepublikken Libya proklamert. Sidan var Gaddafi statssjef i Libya fram til 2011. Han lét seg òg forfremja til oberst.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Frå 1977 tok Gaddafi tittelen «revolusjonær leiar» i Libya, og freista å ta ei leiarrolle i den arabiske verda. I 1977 gav han ut si «Grøne bok», der han la fram tanken om direkte demokrati. Denne vart brukt som ei slags grunnlov i Libya i 1980- og 90-åra, og motstanden mot styret til Gaddafi auka i desse åra. Rundt år 2000 tok Gaddafi initiativ til sterkare afrikansk samarbeid, noko som førte til skipinga av Den afrikanske unionen i 2002. Sidan freista han forsona seg med vesten, m.a. ved å uttala seg klårt mot al-Qaida og Osama bin Laden etter 11. september 2001. I 2004 vitja Gaddafi EU-hovudkvarteret i Brussel.

Opprør i 2011[endre | endre wikiteksten]

I 2011 spreidde det seg valdsame protestar i Libya mot styret hans Gaddafi, inspirert av opprøret i Egypt i 2011 opprøret i Tunisia og fleire liknande opprør i arabiske og Nordafrikanske land same året. I både Egypt og Tunisia vart statsoverhovuda tvinga til å gå av. Oppreista fekk hjelp av NATO.

Gaddafi vart drepen 20. oktober 2011.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]