Muir Mathieson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Muir Mathieson
Fødd24. januar 1911
FødestadStirling
Død2. august 1975 (64 år)
DødsstadOxford
OpphavStorbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
PlateselskapJubilee Records
Verka somdirigent, komponist, filmregissør, regissør

James Muir Mathieson, OBE (24. januar 19112. august 1975) var ein britisk musikar som i store delar av karrieren var musikalsk leiar for britiske filmstudio.

Mathieson vart fødd i Skottland i ein musikalske familie, og vann eit stipend til Royal College of Music i London. Lærarane hans der omfatta Malcolm Sargent, som anbefalte han til filmprodusenten Alexander Korda, og Mathieson blei musikalsk leiar for Korda i 1934. Mathieson var mesteparten av karrieren sin i filmindustrien. Etter andre verdskrigen var han musikalsk leiar i The Rank Organisation.

Blant komponistane Mathieson bestilte filmmusikk frå var Arthur Bliss, Ralph Vaughan Williams, William Walton og Benjamin Britten. Mathieson skreiv sjeldan musikken til filmane han arbeidde med, og han meinte at han mangla talent for å komponera original musikk, men han hjelpte komponistane som skreiv for han til å laga materiale som passa til handlinga i filmane, og han arrangerte konsertsuitar frå nokre av verka han bestilte. Han var ansvarleg som musikalsk leiar, arrangør, dirigent og frå tid til anna komponist for nesten tusen filmar.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Mathieson var fødd i Stirling i Skottland den 24. januar 1911. Han var den eldste av dei to sønene til John George Mathieson (1880-1955), ein kunstnar og gravør, og kona hans Jessie, fødd Davie (1884-1954), ein fiolinist, pianist og lærar.[1] Den yngste sonen, Dock, følgde Muir inn i musikkvaerda og blei dirigent og musikalsk direktør i britiske filmar.[2] Jessie («Jen») Mathieson var ein dyktig musikar, som blant anna spelte pianoakkompagnement for stumfilmar på lokale kinoar.[3] Som tenåring danna og dirigerte Mathieson eit ungdomsorkester i Stirling.[4]

Etter å ha gått på Stirling High School blei Mathieson elev ved Royal College of Music i London frå februar 1929, og vann ei rekkje stipend.[5] På college studerte han piano med Arthur Benjamin og dirigering med Malcolm Sargent.[6] Som student fekk talentet hans som dirigent merksemd, mellom anna i The Times.[7] Som student tok han ei rekkje jobbar, frå å dirigera eit kor av walisiske gruvearbeidarar, til å turnera i Canada og dirigera eit ballettselskap, og ein amatørproduksjon av The Pirates of Penzance.[8]

Korda[endre | endre wikiteksten]

Mathieson gjekk ut av college i 1933, og Sargent anbefalte han til Alexander Korda som dirigent og assistent for Kurt Schröder, som var musikalsk direktør i det nye selskapet til Korda, London Films.[1] Då Mathieson byrja i industrien hadde einbyrja forbetre synkronisering av lyd med film, med musikkopptak som følgde med bileta på skjermen. Den politiske utviklinga i Kontinental-Europa førte til at Schröder vende tilbake til heimlandet Tyskland i 1934, og Mathieson etterfølgde han som musikalsk direktør.[1]

Utanfor filmstudioet dirigerte Mathieson Kurt Weill sitt A Kingdom for a Cow på Savoy Theatre i juni 1935. [9]Dette var ein revidert versjon av den hittil usynte Der Kuhhandel.[10] Trass gode meldingar var ikkje førestillinga ein suksess.[11]

21. desember 1935 gifta Mathieson seg med Hermione Louise Alys Darnborough, som var hovudballerina ved Sadler's Wells Ballet.[1] To år tidlegare, då dei allereie var trulova, hadde delteke i HiawathaRoyal Albert Hall i London, då Mathieson med svært kort notis måtte overta for dirigenten Sargent, som blei sjuk under ei framføring av stykket. Darnborough dansa rolla som Våranden.[12] Paret fekk ein son og tre døtrer, ei av dei skodespelaren Fiona Mathieson (1951-1987), som seinare blei kjend for rolla si i radioserien The ArchersBBC.[1]

Medan Mathieson var musikkansvarleg for Korda skreiv ei rekkje komponistar filmmusikk for selskapet, medrekna den tidlegare læraren hans, Arthur Benjamin, i tillegg til Richard Addinsell, Georges Auric, Miklos Rozsa og Arthur Bliss. Benjamin skreiv musikk til The Scarlet Pimpernel (1934) og The Return of the Scarlet Pimpernel (1937); Addinsell skreiv til Dark Journey (1937), Farewell Again (1937), South Riding (1937) og Fire Over England (1936); Auric komponerte musikk til The Man Who Could Work Miracles (1936), Rozsa til The Four Feathers (1939) og The Thief of Baghdad (1940), og Bliss for Things to Come (1935). Denne siste blei sett på som ein milepål innan filmmusikken, og musikken blei raskt arrangert om til ein konsertsuite, som blei ein bestseller for Decca då han kom ut på plate.[1]

Andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Etter at andre verdskrigen braut ut i september 1939 blei Mathieson musikalsk direktør for det britiske informasjonsdepartementet, Royal Air Force og filmeiningar i hæren.[1] Han hadde då mykje erfaring med å bestille filmmusikk, og kontakta den leiande britiske komponisten Ralph Vaughan Williams.[13] Vaughan Williams gjekk med på å hjelpa krigsinnsatsen ved å skriva filmmusikk - ein helt ny sjanger for han - for Powell og Pressburger-propagandafilmen 49th Parallel (1941). I samarbeid med Mathieson fratta Vaughan Williams raskt at tidsmålingane for filmmusikk var særs presise: "eit sekund musikk tyder nøyaktig eit sekund musikk", og han likte å arbeida med studioteamet. Mathieson dirigerte London Symphony Orchestra (LSO) med det ferdige partituret, med komponisten til stades, klar til å «skjera ned, utvida, endre, tilpasse» etter behov.[14] Vaughan Williams skreiv også ein annan score for Mathieson: Coastal Command (1942), som blei laga under Crown Film Unit.[15][17]

Mathieson arbeidde med mange andre komponistar under krigen. Bortsett frå Vaughan Williams, var det mest framståande samarbeidet hans med William WaltonLaurence Olivier sin Shakespeare-film Henry V (1944).[18] Mathieson og Walton hadde arbeidd saman på fem filmar før denne: Escape Me Never (1935), As You Like It (1936), og tre krigsfilmar: The Next of Kin (1941), Went the Day Well? og The First of the Few (begge 1942).[19]

Walton delte ikkje Mathieson sitt syn på at filmmusikk kunne eller burde tilpassast til konserthallar eller innspelingar, og sa at «Filmmusikk er ikkje god filmmusikk om det kan bli brukt til noko anna føremål» - men han lét Mathieson arrangera ein konsertsuite av musikken til Henry V.[20] Walton gjorde ei innspeling av suiten i 1963, sjølv om han seinare skildra suiten til André Previn som «ganske tam» i forhold til den opphavlege filmmusikken.[21][22] Under krigen heldt Mathieson ofte offentlege konserter, og hadde ofte med suitar frå filmmusikk han hadde bestilt.[1]

Etterkrigstid[endre | endre wikiteksten]

Ved slutten av krigen var Mathieson blitt musikalsk direktør for Rank Organisation, som inkluderte fleire filmskapande einingar, som Two Cities, The Archers og Cineguild. Han hadde oversyn over musikken til dei fleste av dei store filmane som blei produserte under Rank-banneret, og heldt fram med å tinga leiande komponistar som Richard Addinsell (Blithe Spirit 1945),[23] William Alwyn (Odd Man Out, 1946),[24] Arnold Bax (Oliver Twist, 1948),[25] Bliss (Men of Two Worlds, 1946),[26] Walter Goehr (Great Expectations, 1946) [27] og Walton (Hamlet, 1948).[25] Til Noël Coward sin film Brief Encounter frå 1945 gav Mathieson slepp på den strenge regelen sin om å berre nytta nyskriven musikk, og på oppdrag frå Coward arrangerte og dirigerte han Andre pianokonsert av Rachmaninoff med Eileen Joyce som solist. [28]

I 1946 utvida Mathieson filmaktiviteten sin til å også regissera, med Instruments of the Orchestra, ein tjue minutt lang film for bruk i skular, som viste dei ulike instrumenta i symfoniorkestret som spelte åleine og saman. Han bestilte eit nytt verk frå Benjamin Britten, The Young Person's Guide to the Orchestra, med ei forteljing skriven av librettisten til Britten, Eric Crozier.[29] Sargent dirigerte LSO og sa fram forteljinga til kameraet.[1] Musikken fekk ein permanent plass på det internasjonale konsertrepertuaret, og er blitt eit av dei mest spelte og populære stykka til Britten.[30][31]

I filmen The Magic Box (1951), som blei laga for å markera Festival of Britain, hadde Mathieson ei mindre rolle som sir Arthur Sullivan som dirigerte eit kor.[32] På fyrstedelen av 1950-talet fortsette Mathieson som ei hovudkraft i den britiske musikalske utforminga av film, og bestilte musikk frå nye filmkomponistar som Malcolm Arnold (The Sound Barrier, 1952) og Larry Adler (Genevieve, 1953).[1]I 1955 tinga Mathieson ein ny score frå Walton, denne gongen for Olivier sin Richard III.[33] Mellom andre tingingar Mathieson gjorde på 1950-talet var musikk av Arnold til Hobson's Choice (1954), av Addinsell for The Prince and the Showgirl (1957),[34] og av Alwyn for Carve Her Name With Pride og A Night to Remember (begge 1958).[1]

I seinare år arbeidde Mathieson som musikalsk leiar på frilansbasis. Han bestilte musikken til Interpol (1956) frå den nitten år gamle Richard Rodney Bennett.[35] I 1958 blei han invitert til å dirigera Bernard Herrmann sin musikk til Alfred Hitchcock sin film Vertigo; han skulle ha blitt spelt inn i USA, men på grunn av ein musikarstreik der dirigerte Mathieson opptaket i Wien.[36] I 1966 skreiv han og regisserte ein serie på tjuefire filmar som samla hadde tittelen We Make Music.[1]

S.J. Hetherington, som skreiv biografen til Mathieson, meiner han arrangerte, regisserte, dirigerte og til tider komponerte musikken til nesten tusen filmar i løpet av karrieren sin.[37] I tillegg til arbeidet med film dirigerte han konsertar, særleg med ungdomsorkester. Han blei utnemnd til OBE for tenestene sine til musikk, og var leiar for British Film Institute.[1]

Mathieson døydde ved Radcliffe Infirmary i Oxford, den 2. august 1975, 64 år gammal. Enkja hans døydde i oktober 2010.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 1,11 1,12 1,13 Youdell, Andrew. "Mathieson, (James) Muir (1911–1975)", Oxford Dictionary of National Biography, Oxford University Press, 2012. (krev abonnement eller medlemskap i offentleg britisk bibliotet)
  2. McFarlane, p. 465
  3. Hetherington, p. 16
  4. Hetherington, p. 20
  5. "Muir Mathieson's Visit", Faversham News, 10 September 1948, p. 8; and Hetherington, p. 33
  6. Hetherington, p. 32
  7. "Royal College of Music", The Times, 5 June 1933, p. 8
  8. Hetherington, p. 34
  9. "Savoy Theatre", The Times, 29 June 1935, p. 12
  10. Robinson, J. Bradford and David Drew. "Weill, Kurt (Julian)", Grove Music Online, Oxford University Press, 2001 (krev abonnement)
  11. Schebera, p. 231
  12. Reid, p. 206
  13. Cobbe, p. 175
  14. Vaughan Williams, p. 245
  15. Vaughan Williams, p. 250
  16. Hetherington, p. 114
  17. Vaughan Williams later provided the score for the film Scott of the Antarctic (1948), which he reworked as his seventh symphony – the Sinfonia antartica (1953) – but the film score was not commissioned by Mathieson, but by his brother Dock as assistant musical director to Ernest Irving at Ealing Studios.[16]
  18. Kennedy, p. 125–126
  19. Lloyd, p. 120 and Hetherington, p. 49
  20. Kennedy, pp. 117 and 126
  21. Kennedy, p. 323
  22. Kennedy, p. 255
  23. Hetherington, p. 95
  24. Hetherington, p. 121
  25. 25,0 25,1 Hetherington, p. 120
  26. Hetherington, p. 57
  27. Hetherington, p. 118
  28. Hetherington, p. 96
  29. Carpenter, p. 231
  30. Mitchell, Donald. "Britten, (Edward) Benjamin, Baron Britten (1913–1976), composer", Oxford Dictionary of National Biography, Oxford University Press, 2011. (krev abonnement eller medlemskap i offentleg britisk bibliotet)
  31. Matthews, p. 81
  32. Mander and Mitchenson, p. 149
  33. Kennedy, p. 195
  34. Hetherington, p. 266
  35. Jacobs Arthur. "Mathieson, Muir", Grove Music Online, Oxford University Press, 2001 (krev abonnement)
  36. Hetherington, p. 128
  37. Hetherington, p. 41