Arnold Bax

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Arnold Bax (sitjande til høgre) på konferanse i Tyskland i 1920-åra.

Sir Arnold Edward Trevor Bax (8. november 18833. oktober 1953) var ein engelsk romantisk og impresjonistisk komponist og lyrikar.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Arnold Bax vart fødd inn i ein opphavleg nederlandsk familie og voks opp i London. Han likte å spela klaver i barndommen og fekk noko musikkundervisning heime. Den fyrste musikkundervisninga han fekk var som 16-åring, og han fekk plass ved Royal Academy of Music frå 1900 - 1905. Han viste seg svært dyktig på å bladlesa, og han kunne spela svært komplekse orkesterverk på piano. Han vann også fleire prisar ved akademiet.

Glencolmcille, ei stor inspirasjonskjelde.

Arnold Bax reiste mykje utanfor England for å henta inspirasjon. Tidleg i 1900-åra oppdaga Bax William Butler Yeats som han vart svært inspirert av. Han tok til å vitja Irland mange gonger, og oppsøkte ofte aude, einslege stader. Bax forelska seg i den vesle landsbyen Glencolmcille langt nordvest på Irland, og vendte tilbake hit årleg i over 30 år. Bax vart også glad i litteraturen til Bjørnstjerne Bjørnson og dei skandinaviske landa, og sette melodiar til dikt av Bjørnson. Arnold Bax veksla stundom mellom keltiske og nordiske tema i musikken sin. Døme på dette er det irske tonediktet Cathaleen-Ni-Houlihan (1905) og komposisjonen Hardanger for to piano (1927). I tillegg reiste Bax til Ukraina og Russland der han henta slavisk inspirasjon.

I 1911 gifte Arnold Bax seg med barndomsvenninna Elsita Sobrino i London, og dei slo seg ned i Dublin. Gjennom broren, Clifford Bax, vart dei introduserte for ein krins av intellektuelle rundt den irsk-nasjonalistiske mystikaren og lyrikaren George William Russell, kjend som Æ. Arnold Bax gav seg her til kjenne under namnet Dermot O’Byrne. Gjennom Æ møtte Bax òg ved eitt høve den politiske aktivisten Patrick Pearse i 1916. Ved påske vart Pearse avretta under påskeopprøret i Irland. Avrettinga fall Bax tungt for brystet, og han skreiv eit sørgjestykke etter Patrick Pearse same året. Uroa i Irland gjorde at ekteparet Bax snart måtte venda attende til London.

I tida etter Irland starta Arnold Bax eit samarbeid med pianisten Harriet Cohen. Forholdet deira vart med tida meir enn berre profesjonelt musikalsk samarbeid, og begge partar leid under det dei opplevde som umogleg kjærleik. I denne tida skreiv Bax sin mest kjende komposisjon, Tintagel (1917), som omhandlar legenden om Tristan og Isolde. Frå 1928 og fram til andre verdskrigen braut ut, reiste han mykje til landsbyen Morar på vestkysten av Skottland. På denne tida var musikken hans inspirert av finske Jean Sibelius. I 1937 vart Arnold Bax utnemnt til Knight Bachelor. I 1943 skreiv han sjølvbiografien Farewell, My Youth.

Alderdom[endre | endre wikiteksten]

På slutten av karrieren til Bax tyngde det han å innsjå at han vart eldre og fekk minkande kreative evner, og han tok til å drikka mykje. Han kjende seg også framandgjort av di den nye modernistiske musikkstilen meir og meir tok over og hans eigen stil vart forelda. Han vart stadig mindre spelt i Storbritannia, sjølv om han hadde noko suksess med filmmusikk (Malta G. C., 1942 og Oliver Twist, 1948.) På Irland vart han derimot helsa varmt velkomen som komponist. Bax vart kjend med fleire irske musikarar, og han tok til å undervisa musikk både i Dublin og Cork. I 1951 var han ein av initiativtakarane til skipinga av Harriet Cohen International Music Award, til ære for den britiske pianisten. Ein av dei siste komposisjonane hans Arnold Bax var ein kroningsmarsj for Dronning Elizabeth II i 1953. På ei reise til Cork døydde Bax same året, 69 år gamal. Han ligg gravlagd i Cork.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Verkliste (utval)[endre | endre wikiteksten]

Symfoniar[endre | endre wikiteksten]

  • Symfoni nr. 1 (1922)
  • Symfoni nr. 2 (1926)
  • Symfoni nr. 3 (1929)
  • Symfoni nr. 4 (1931)
  • Symfoni nr. 5 (1932)
  • Symfoni nr. 6 (1935)
  • Symfoni nr. 7 (1939)

Andre komposisjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Cathaleen-ni-Hoolihan (1905)
  • The Garden of Fand (1916)
  • In Memoriam (1916)
  • Tintagel (1917, orkestrert 1919)
  • November Woods (1917)
  • Summer Music (1917, orkestrert 1921, omarbeidd 1932)
  • Pianosonate i Ess-dur (1921)
  • Hardanger (1927)
  • Sonate for fløyte og harpe (1928)
  • Winter Legends for klaver og orkester (1930)
  • The Tale the Pine Trees Knew (1931)
  • Malta, G. C. (filmmusikk, 1942)
  • Oliver Twist (filmmusikk, 1948)
  • Coronation March (1953)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]