Ralph Vaughan Williams

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Statue av Ralph Vaughan Williams i Dorking.

Ralph Vaughan Williams (12. oktober 187226. august 1958) var ein engelsk seinromantisk og modernistisk komponist som verka frå byrjinga av 1900-talet til 1950-talet. Han skreiv symfoniar, kammermusikk, opera, korverk, salmar og filmmusikk, og er særleg kjend for si innsamling og bruk av engelsk folkemusikk. I tillegg til å komponera dirigerte, redigerte, førelas og skreiv Vaughan Williams om musikk.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Skogssti ved Leith Hill Place, der Vaughan Williams voks opp.

Ralph Vaughan Williams var fødd i 1872 i Down Ampney i Gloucestershire, der faren hans var landsbyprest. Då faren døydde i 1875 tok mor hans til familieheimen Leith Hill Place i Surrey Hills. Mora høyrde til den framståande Wedgwood-familien, og gjennom henne var Vaughan Williams mellom anna slektning av Charles Darwin. Som barn lærte han å spela piano, orgel og fiolin, og komponerte sitt første verk seks år gammal.

Vaughan Williams studerte ved Royal College of Music, Trinity College ved universitetet i Cambridge, der han tok doktorgrad i musikk i 1901. I 1919 blei han professor ved Royal College of Music. Frå 1895 til 1899 var han tilsett som organist ved St. Barnabas-kyrkja i South Lambeth i London. Han grunnla Leith Hill Music Festival i Dorking i 1905 og dirigerte han den første konserten då og i fleire år fram til 1953. Han arbeidde også tett med Bach Choir, som han var musikalsk leiar for frå 1921 til 1926.

Han var redaktør og bidragsytar til The English Hymnal, ei salmesamling for Church of England, frå 1904 til 1906. Komponisten blei tidleg interessert i folkemusikk, og samla inn ei rekkje engelske folketonar frå heile landet. Han var ein leiande figur i English Folk-Song and Dance Society, som har kalla opp biblioteket sitt etter han.

Vaughan WIlliams studerte komposisjon under Walter Parratt ved Royal College of Music, og tok timar hos Max Bruch i Berlin og Maurice Ravel i Paris. I studieåra knytte han òg ein djup vennskap og gjensidig påverknad med komponisten Gustav Holst. Dei to ønskja begge å bli «engelske komponistar» med sin eigen musikkstil. Vaughan Williams var også ein nær ven av den verdskjende pianisten Harriet Cohen, som han skreiv ein pianokonsert for.

Under første verdskrigen var Vaughan Williams i militæret frå 1914 til 1919, først i saniteten og seinare i artilleriet. Han var stasjonert i Hellas og Frankrike, der han mellom anna måtte evakuera såra frå frontlinjene. Erfaringane og dei mange dødsfalla, mellom anna av sin nære ven George Butterworth, påverka han sterkt. Samstundes fortsette han å tenka på musikk, og starta mellom anna eit militærband.

Ralph Vaughan Williams gifta seg med Adeline Fisher, ein dyktig cellist og pianist, i 1897. Dei budde i London, Sheringham i Norfolk og til slutt Dorking i Surrey Hills. I 1938 byrja Vaughan Williams eit samarbeid og vennskap med diktaren Ursula Wood. Etter at ho blei enkje flytta ho inn i heimen til Vaughan Williams og stelte den leddgiktsjuke Adeline til ho døydde i 1951. I 1953 gifta Ursula og Ralph Vaughan Williams seg. Han hadde ingen barn.

Vaughan Williams hadde eit langt liv, og komponerte til det siste. Hans niande og siste symfoni hadde premiere same året som han døydde, av hjarteåtak, 87 år gammal. Oska hans er lagd til kvile i Westminster Abbey saman med oska til kona Ursula, som døydde i 2008.[1]

Vaughan Williams fekk eit æresdoktorat i musikk ved Oxford i 1919. I 1937 blei han tildelt den første Shakespeare-prisen av Universitetet i Hamburg (to år seinare blei musikken hans forboden i Tyskland anti-nazistisk propaganda). Vaughan Williams tok imot den høgthengjande Order of Merit i 1935, etter tidlegare å ha avslått ein orden fordi han mislikte slike statussymbol.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Musikken til Ralph Vaughan Williams samlar trådar frå engelsk tradisjonsmusikk, fransk impresjonisme og tysk romantikk, særleg Brahms og Wagner. I løpet av sin lange komponistkarriere tok han også inn impulsar frå modernistane Stravinskij og Hindemith, samstundes som han såg tilbake til eldre komponistar som Bach, Byrd og Tallis.

Krigsgravstad ved Ecoivres i Pas-de-Calais. Her ein stad sa Vaughan Williams han fekk inspirasjonen til A Pastoral Symphony.

Dei tidlege verka hans omfatta kammermusikk og tyskinspirerte songar, men berre «Linden Lea» slo an blant songarar. Først etter parisopphaldet fann han sin eigen stemme med songsyklusen On Wenlock Edge (1909), basert på dei populære Shropshire Lad-dikta av A.E. Housman, orkesterverk som Fantasia on a Theme of Thomas Tallis (1909) og sin første symfoni, A Sea Symphony (1910) for kor og orkester. Dei ni symfoniane hans er sentrale delar av verket hans. A London Symphony (1914) byggjer på lydane frå London frå daggry til soleglad. Dette året skreiv han også det pastorale stykket «The Lark Ascending» for fiolin og piano (seinare orkester), etter eit dikt av George Meredith. Dette er seinare blitt eit av dei mest populære klassiske stykka i Storbritannia.[2] Den gledesprega, flygande melodien er ein kontrast til A Pastoral Symphony (1922), byrja i Frankrike under første verdskrigen, eit lyrisk, men melankolsk verk som er blitt kalla eit rekviem for orkester.[3] Symfoniane 4, 5 og 6 blei lagt fram som «reine» symfoniar, utan inspirasjon utanfrå, men den sjette symfonien, byrja under og avslutta kort tid etter andre verdskrigen, er ofte blitt tolka som ein reaksjon på krigshendingar som Holocaust og atombombene over Hiroshima og Nagasaki. Den sjuande symfonien, Sinfonia Antarctica (1952), byggjer på filmmusikken Vaughan Williams skreiv for Scott of the Antarctic, og manar fram øydet i Antarktis. Vaughan Williams byrja å skriva musikk for film under andre verdskrigen som sitt bidrag til heimefronten.

Komponisten fann mykje inspirasjon blant engelske folketonar, som han brukte mykje tid på å samla inn. Han brukte element frå folkemusikken i fleire verk, som i A Pastoral Symphony, men laga også musikk basert på dei, som English Folk Song Suite (1923) balletten Old King Cole (1923) og hans kjende fantasi over «Greensleeves» (1934). Andre verk var inspirert av landskap og stader, som det impresjonistiske tonediktet In the Fen Country, inspirert av myrlandskapet i East Anglia. Han brukte britisk litteratur som inspirasjon til mellom anna operaer, som Sir John in Love (1924-28), etter The Merry Wives of Windsor av William Shakespeare, Riders to the Sea (1925–32) etter eit skodespel av John Millington Synge, Job inspirert av Illustrations of the Book of Job av William Blake og The Pilgrim's Progress (1951) etter John Bunyan. Elles nytta han tekstane til den amerikanske diktaren Walt Whitman i fleire verk.

Sjølv om han rekna seg som agnostikar, skreiv Vaughan Williams ei mengd religiøs og andeleg inspirert musikk, som Mass in G minor (1922), Te Deum i G-dur (1928), oratoriumet Sancta Civitas (1922) med tekst frå Johannes' openberring og kantaten Dona nobis pacem (1936) med tekst frå den katolske messa, bibeltekstar og tre dikt av Walt Whitman. Han skreiv også julemusikk, som Fantasia on Christmas Carols (1912) og julekantaten Hodie (1954). I tillegg skreiv han orgelverk og fleire arrangement for salmar. Han laga også nokre nye salmemelodiar, som ein melodi til «Come down, O Love Divine» som han gav namn etter fødestaden sin, Down Ampney.

Vaughan Williams skreiv solokonsertar og andre verk spesielt for ulike instrument, mellom anna piano, orgel, obo (1944), munnspel (1952) og tuba (1954).

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

William Blake si Book of Job førte til ballettverket Job, a masque for dancing.

Opera[endre | endre wikiteksten]

  • Hugh the Drover eller Love in the Stocks (1910-20)
  • Sir John in Love (1924-28)
  • The Poisoned Kiss (1927-29; revisjonar 1936-37 og 1956-57)
  • Riders to the Sea (1925-32), etter skodespelet av John Millington Synge
  • The Pilgrim's Progress (1909-51), basert på verkete til John Bunyan

Ballettar[endre | endre wikiteksten]

  • Old King Cole (1923)
  • Job, a masque for dancing (1930)
In the Fen Country var inspirert av landskapet i Aust-England kjend som The Fens.

Orkesterverk[endre | endre wikiteksten]

  • Symfoniar
    • A Sea Symphony (Symfoni Nr. 1), ein korsymfoni over tekstar av Walt Whitman (1903-1909)
    • A London Symphony (Symfoni Nr. 2) (1913)
    • A Pastoral Symphony (Symfoni Nr. 3) (1921)
    • Symfoni Nr. 4 i F-moll (1931-34)
    • Symfoni Nr. 5 i D (1938-43)
    • Symfoni Nr. 6 i E-moll (1946-47)
    • Sinfonia Antartica (Symfoni Nr. 7) (1949-52)
    • Symfoni Nr. 8 i D-moll (1953-55)
    • Symfoni Nr. 9 i E-moll (1956-57)
  • In the Fen Country, for orkester (1904)
  • Norfolk Rhapsody No. 1 (1906, rev. 1914)
  • The Wasps (1909)
  • Fantasia on a Theme of Thomas Tallis (1910, rev. 1913 og 1919)
  • Fantasia on «Greensleeves» (1934)
  • Five Variants of Dives and Lazarus (1939)
  • Concerto Grosso, for tre strykestemmar (1950)

Konsertar[endre | endre wikiteksten]

The Skylark av Samuel Palmer frå rundt 1850. Biletet av ei flygande lerke som fyller ein med glede blei mykje brukt i litteratur og biletkunst, og fann gjenklang i The Lark Ascending.
  • Piano
    • Pianokonsert i C (1926-31)
    • Konsert for to piano og orkester (1946; gjenarbeid av pianokonsert i C)
    • Fantasia (quasi variazione) over den gamle salmen 104 for piano, kor, og orkester (1949)
  • Fiolin
    • The Lark Ascending for fiolin og orkester (1914)
    • Concerto Accademico for fiolin og orkester (1924-25)
  • Bratsj
    • Flos Campi for bratsj, ordløst kor og lite orkester (1925)
    • Suite for bratsj og lite orkester (1936-38)
  • Obo
    • Obokonsert i A-moll, for obo og strykarar (1944)
  • Munnspel
    • Romanse i Dess for munnspel og orkester (1951) (skriven for Larry Adler)
  • Tuba

Korverk[endre | endre wikiteksten]

  • Toward the Unknown Region, song for kor og orkester (1906)
  • Five Mystical Songs for baryton, kor og orkester (1911)
  • Fantasia on Christmas Carols for baryton, kor og orkester (1912; også arrangert for redusert orkester beståande av orgel, strykarar og perkusjon)
  • Messe i G-moll for uakkompagnert kor (1922)
  • Sancta Civitas (Den heilage stad), oratorium (1923-25)
  • Te Deum i G (1928)
  • Benedicite for sopran, kor og orkester (1929)
  • In Windsor Forest, frå operaen Sir John in Love (1929)
  • Three Choral Hymns (1929)
  • Magnificat for andre alt, damekor og orkester (1932)
  • Five Tudor Portraits for andre alt, baryton, kor og orkester (1935)
  • Dona nobis pacem, tekst av Walt Whitman og andre (1936)
  • Festival Te Deum for kor og orkester eller orgel (1937)
  • Serenade to Music for seksten solostemmar og orkester (1938)
  • A Song for Thanksgiving (opphavleg Thanksgiving for Victory) for forteljar, sopransolo, barnekor, blanda kor og orkester (1944)
  • An Oxford Elegy for forteljar, blanda kor og lite orkester (1949)
  • Three Shakespeare Songs for uakkompagnert kor komponert for The British Federation of Music Festivals National Competitive Festival (1951)
  • Hodie (1954)
  • Folk songs of the Four Seasons for uakkompagnert kor
  • Epithalamion for barytonsolo, kor, fløyte, piano og strykarar (1957)

Vokal[endre | endre wikiteksten]

  • «Linden Lea», song (1901)
  • The House of Life (1904)
  • Songs of Travel (1904)
  • The Sky Above The Roof (1908)
  • On Wenlock Edge, songsyklus for tenor, piano og strykekvartett (1909)
  • Along the Field, for tenor og fiolin
  • Three Poems by Walt Whitman for baryton og piano (1920)
  • Four Poems by Fredegond Shove for baryton og piano (1922)
  • Four Hymns for Tenor, Viola and Strings
  • Merciless Beauty for tenor, to fiolinar og cello
  • Four Last Songs to dikt av Ursula Vaughan Williams
  • Ten Blake songs, songsyklus for lys stemme og obo (1957)

Kammer og instrumentell[endre | endre wikiteksten]

  • Strykekvintett i C-moll for fiolin, bratsj, cello, kontrabass og piano (1903)
  • Strykekvartett Nr. 1 i G-moll (1908)
  • Phantasy Quintet for to fiolinar, to bratsjar og cello (1912)
  • Six Studies in English Folk-Song, for cello og piano (1926)
  • Strykekvartett Nr. 2 i A-moll (1942-44)
  • Three Preludes on Welsh Hymn Tunes, for orgel (1956)
  • Romanse for bratsj og piano

Orgel[endre | endre wikiteksten]

  • Three Preludes on Welsh Hymntunes (Bryn Calfaria, Rhosymedre, Hyfrydol) (1920)
  • A Wedding Tune for Ann (1943)
  • Two Organ Preludes (The White Rock, St. David's Day) (1956)
  • The Old Hundredth Psalm-Tune

Musikk for film, radio og TV[endre | endre wikiteksten]

  • Forty-Ninth Parallel (1940)
  • Coastal Command (1942)
  • BBC-versjon av The Pilgrim's Progress (1942)
  • The People's Land (1943)
  • The Story of a Flemish Farm (1943)
  • Stricken Peninsula (1945)
  • The Loves of Joanna Godden (1946)
  • Scott of the Antarctic (1948)

Korps[endre | endre wikiteksten]

  • English Folk Song Suite for militærorkester (1923)
  • Toccata Marziale for militærorkester (1924)
  • Flourish for Wind Band (1939)
  • Five Variants on Dives and Lazarus, arr.
  • Sea Songs
  • Overture: Henry V

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • The English Hymnal (1904-1906, redaktør med Percy Dearmer)
  • Oxford Book of Carols (1928, redaktør med Percy Dearmer og Martin Shaw)
  • National Music (1934)
  • The Making of Music (1955).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ralph Vaughan Williams

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. RALPH VAUGHAN WILLIAMS ved westminster-abbey.org
  2. «Vaughan Williams - The Lark Ascending» ved classicfm.co.uk: «For four years in a row, The Lark Ascending was voted the UK's favourite piece of music by Classic FM listeners in the Classic FM Hall of Fame.»
  3. «Ralph Vaughan Williams» ved hymnsandcarolsofchristmas.com: «in reality an orchestral requiem».