Vitskapleg metode

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Vitskapleg metode viser til teknikkar for å utforske fenomen, tileigne seg ny kunnskap eller rette på eller integrere tidlegare kunnskap. Metoden baserer seg på å samle observasjonar og empiriske og målbare data etter særskilde vurderingsprinsipp.[1] Ein vitskapleg metode består av å samle data gjennom observasjonar og eksperiment, samt å formulere og teste hypotesar.[2]

Sjølv om prosedyrane varierer frå ein vitskap til ein annan er det ein del kjenneteikn som skil vitskaplege metodar frå andre kunnskapsmetodar. Vitskapsfolk legg fram ein hypotese som forklaring på eit fenomen og formar eit eksperiment for å teste desse hypotesane. Desse skritta må vere mogelege å gjenta slik at ein kan føresjå framtidige resultat. Teoriar som omsluttar større område kan binde saman hypotesar i ein logisk samanheng. Dette kan så nyttast til å danne nye hypotesar eller plassere forskjellige hypotesar i ein samanheng.

Ei anna side med desse metodane er at prosessen må vere objektive nok til at ein kan redusere misvisande tolkingar av resultata. Det vert òg forventa å dokumentere, arkivere og dele alle data og metodar slik at andre forskarar kan verifisere resultata og prøve å reprodusere dei. Dette gjer òg at ein kan gjere statistiske målingar av kor pålitelege resultata er.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «[4] Reglar for å studere naturfilosofi», Newton 1999, s. 794-6, frå General Scholium, som følgjer Bok 3, The System of the World.
  2. Vitskapleg metode, Merriam-Webster Dictionary.
Spire Denne vitskapartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.