Skulderboge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skulderbogen med skulderbladet, kragebeinet og øvste delen av brystbeinet. Legg merke til at kragebeinet er det einaste som knyter akseskjelettet til armen.

Skulderbogen (på latin: cingulum extremitas superioris eller cingulum membri superioris[1]) er dei beina som dannar skjelettet i skuldra og som med det knyter saman beina i armen med akseskjelettet. I mennesker er han sett saman av skulderblada, scapulae, kragebeina, claviculae, og den øvste delen av brystbeinet som er kalla brystbeinhandtaket, manubrium sterni. Nokre dyr, slik som fuglar, har enda eit bein i skulderbogen, nemleg os coracoideum. Dette er ikkje det same som mennesket sitt ramnenebb, processus coracoideus. [2] Nokre pattedyr, slik som hund og hest, har ikkje kragebein, og skulderbladet er da berre festa til resten av kroppen med muskulatur og sener.

Ledda i skulderbogen[endre | endre wikiteksten]

Det er fem ledd i skjelettbogen, og av dei så er det berre to av dei som blir kalla ekte ledd:

Namn på leddet Latinsk namn på leddet Mellom beina Type ledd
Sternoclaviculærleddet Articulatio sternoclaviculare Brystbeinhandtaket og kragebeinet Ekte ledd
Acromioclaviculærleddet Articulatio acromioclaviculare Skulderhøgdaskulderbladet og kragebeinet Syndesmose
Scapulothoracalleddet[3] Articulatio scapulothoracalis Skulderbladet og brystkassa Ein bursa mellom m. serratus anterior og brystkassa
Glenohumeralleddet Articulatio humeri eller articulatio glenohumeralis Mellom overarmsbeinet og skulderbladet Ekte ledd
Suprahumeralleddet[4] Articulatio suprahumeralis Mellom lig. coraco-acromiale og caput humeri Bursaen bursa subacromialis og sena til m. suprascapularis tettar att hòlet mellom strukturane og hjelper med å halde leddhovudet på plass

Hos mennesket er det to ekte ledd i skulderbogen. Det eine er det sternoclaviculære leddet mellom brystbeinet og kragebeinet på kvar sin side. Takka vere ei leddskive, discus articularis mellom dei to leddflatene som ikkje heilt passar inn i kvarandre, så vil leddet verke som eit kuleledd. Leddutslaget er 50° abduksjon, 30° fleksjon og 5° adduksjon[5], og på grunn av dette er sternoclaviculærleddet viktig i sirkumduksjon av armen.

Det acromioclaviculære leddet er bunde saman med leddband, og det er ikkje noko anna enn musklar mellom skulderbladet og brystkassa. Dette muskulære leddet mellom skuldetbladet og brystkassa gir skuldra stor rørsleutslag samanlikna med bekkenbogen, og ein kan sjå at ein gjennom evolusjonen har ofta skulderstabiliteten for å få større mobilitet i leddet da mennesket reiste seg opp på to bein.

Muskulatur[endre | endre wikiteksten]

Musklane som verkar inn i skulderbogen, anten stabiliserande eller ved å røre på beina er:

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Snl.no - Skulder, 14.12.2012
  2. Romer, Alfred Sherwood; Parsons, Thomas S: The Vertebrate Body, 1977, Philadelphia, PA: Holt-Saunders International. s. 186–187. ISBN 0-03-910284-X (engelsk)
  3. Brinkmann, Paul; Frobin, Wolfgang; Leivseth, Gunnar: Orthopädische Biomechanik, s. 134, 15.12.2012 (tysk)
  4. Functional Anatomy of the Shoulder, s. 123, 15.12.2012
  5. Snl.no - Skulder, 14.12.2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]