Néda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Néda
Νέδα
Nedariversp!ros.jpg
Utspring Lykéofjella i Arkadía
Munning Det joniske havet
Lengd om lag 60 km

Neda (gresk Νέδα) er ei elv som renn gjennom periferieininga Arkadía, Ilía og Messinía vest på Peloponnes i Hellas. Det meste av elva renn gjennom fjellområde. Ho har sitt utspring i Lýkeofjella vest i Arkadía og renn inn i Messinía og nær landsbyen Néda, som har fått namn etter elva. Dei neste 40-50 km dannar ho grensa mellom prefektura Messinía og Ilía. Ho renn gjennom eller nær landsbyane og byane Dório, Figalía, Avlónas, Karyés og Neokhóri. Ho munnar ut i Kyparissíabukta i Det joniske havet.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]