Etnisk reinsing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Etnisk reinsing er eit samleomgrep for forskjellige aktivitetar med det primære formålet å sikre ei utreinsking av uønskte etniske grupper i eit gitt område.

Etnisk reinsing kan skje relativt skjult i form av motarbeiding og diskriminering av den eller dei gruppene det gjeld. Aktivitetane kan også vere opne, i form av deportasjonar av dei uønskte gruppene, og det kan - eventuelt i kombinasjon med deportasjonar - skje som drap på personar i dei gruppene det gjeld, kanskje til og med i form av folkemord. Omgrepet blei skapt under krigane på 1990-talet i det som hadde vore Jugoslavia.[1]

Døme på etnisk reinsing[endre | endre wikiteksten]

  • Dei nord-amerikanske indianarane vart heilt fram til første del av 1900-talet utsett for ei omfattande etnisk reinsing, som gjorde at talet på dei var heilt nede i ca 300 000 ved folketeljinga i 1920.
  • Eit av dei første eksempla på etnisk reinsing i Eurasia på 1900-talet var folkemordet på armenarane i Det osmanske riket under første verdskrigen.
  • Etnisk reinsing vart brukt svært aktivt av Nazi-Tyskland, kor folkemordet på 6 millionar jødar (holocaust) er eit eksempel. Nazi-Tysklands planar omfatta også systematisk å drepe, fordrive eller germanisere 50 millionar slavarar i løpet av 20-30 år (Lebensraum) – planar som ikkje vart fullførte på grunn av at andre verdskrigen tok slutt. Blant anna vart 2 millionar polakkar fordrivne (talet omfattar ikkje polakkar sendt til konsentrasjonsleirar eller tvangsarbeid), og då krigen slutta var om lag 11,5 millionar slavarar i alt sendt til tvangsarbeid i Tyskland.
  • Etnisk reinsing vart også brukt av Josef Stalin i Sovjetunionen og område som vart okkupert av Sovjetunionen under eller etter andre verdskrigen, med støtte frå dei vestallierte og den slaviske folkesetnaden. Ca 13 millionar etniske tyskarar reiste eller vart fordrivne frå sine heimar i Aust-Europa frå omkring 1944, ca 2 millionar sivile kan ha døydd under denne prosessen. Deportasjonen av tyskarane frå Polen, Tsjekkoslovakia, Ungarn, Romania og Jugoslavia var stadfesta på Potsdam-konferansen i juli-august 1945.[2]
  • Før, under og etter andre verdskrigen blei det demografiske kartet i Europa forma av desse og ei rekke andre tilfelle av etnisk reinsing. I 1939 blei dei rundt 100 000 polakkane i Gdansk deportert og byen namna om til det tyske Gotenhafen. I vest-Ukraina gjekk ukrainarar laus på polakkar medan landet var under tysk styre i 1943-44, mellom 200 000 og ein halv million blei drepne.[1]. Etter krigen deporterte Bulgaria 160 000 tyrkarar til Tyrkia, Ungarn bytta over 100 000 slovakar mot ei tilsvarande mengd ungararar frå Tsjekkoslovakia. Ein million polakkar vart fordrivne frå område i Ukraina som før krigen hadde vore ein del av Polen, andre vegen kom ein halv million ukrainarar.[2]
  • I 1948 vart ca 750 000 palestinarar systematisk fordrivne frå sine landsbyar i det dåverande Palestina ved opprettinga av staten Israel (sjå Nakba).[3] Eit tilsvarande tal jødar flykta frå dei arabiske landa.
  • Greske og tyrkiske kypriotar vart nøydde til å forlate sine heimar då Nord-Kypros vart okkupert av Tyrkia 1974-1975.
  • Etter oppløysninga av Jugoslavia1900-talet skjedde omfattande etnisk reinsing under det som vart kjent som Jugoslavia-krigane bl.a. i det austlege Kroatia og Krajina (1991-1995), mesteparten av Bosnia (1992-1995) og i Kosovo (1999). Store tal serbarar, kroatar, bosnjakar og albanarar vart fordrivne frå sine heimar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Norman Davies: Europe at war 1939-1945. No simple victory. (Pan books, 2007).
  2. 2,0 2,1 Tony Judt: Postwar. A history of Europe since 1945. (Pimlico, 2007).
  3. Ilan Pappe, Ethnic Cleansing of Palestine. Oxford: Oneworld. (2006) ISBN 1-85168-467-0
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.