Nahr al-Kalb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nahr al-Kalb
elv
Kristen heilagdom oppom Hundeelva
Land  Libanon
Koordinatar 33°57′N 35°36′E / 33.950°N 35.600°E / 33.950; 35.600
Lengd 35 km
Kjelde Nær Jeitagrotta
Munning Middelhavet
Kart
Nahr al-Kalb
33°57′N 35°36′E / 33.95°N 35.6°E / 33.95; 35.6
Wikimedia Commons: Nahr al-Kalb

Nahr al-Kalb (arabisk نهر الكلب, namnet tyder 'Hundeelva') er ei elv i Libanon. Ho renn 35 km frå ei kjelde i Jeita nær Jeitagrotta til Middelhavet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Nahr al-Kalb heitte i antikken Lycus[1] eller Lykos, gresk for 'ulv'.[2] Ein avtale frå 1200-talet fvt. konkluderer med at Ramses II sette Nahr al-Kalb som grensa mellom Egypt og områda til hetittane.

Ei rekkje generalar og erobrarar har gjennom tidene reist monument ved munningen til Nahr al-Kalb. Ramses II, Nebudkanesar, Esarhaddon, Caracalla, og sjølv dei armeane til det moderne Frankrike og Storbritannia har gjort dette.[3][4][2]

I 1946 vart det reist eit monument her som feira sjølvstendet til Libanon, som kom i 1943. I 2000 prøvde libanesiske demonstrantar, mellom dei den tidlegare generalen og politikaren Michel Aoun, å reise to nye monument, eit som markerte at israelske soldatar forlét Libanon, og det andre for den venta tilbaketrekkinga av syriske styrkar.

I 2005 vart minnesstelene ved elva oppført på UNESCO sitt Memory of the World.[4]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Commemorative stela of Nahr el-Kalb Mount Lebanon (PDF) (PDF), UNESCO 
  2. 2,0 2,1 Lykos (Nahr al-Kalb), livius.org 
  3. Fisk, Robert. Pity the Nation: The Abduction of Lebanon. New York: Nation Books, 2001, s. 52-53.
  4. 4,0 4,1 «Commemorative stela of Nahr el-Kalb, Mount Lebanon», Memory of the World (UNESCO)