Nakkehoved Fyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nakkehoved Fyr (det vestre fyret). Ljoset er 54 meter over havet, tårnhøgda er 21 meter.
Linsesystemet på Nakkehoved Fyr (det vestre fyret).
Det austre fyret på Nakkehoved, teke ut or bruk i 1898, er eit av dei få kolfyrte fyra som er att i heile verda.

Nakkehoved Fyr var opphavleg eit sams namn for to fyrtårn som ligg på høgda av ei tretti meter steil skråning, ein klint med namnet Fyrbakkerne, som reiser seg opp frå stranda ved Nakkehoved om lag to kilometer aust for Gilleleje heilt nord på Sjælland i Danmark. Då det austre av desse fyra, på posisjonen 56°07′08.7″N, 12°20′58.5″E, vart teke ut or bruk i 1898, er namnet Nakkehoved Fyr vorte reservert for det vestlege av dei, som ligg på posisjonen 56°07′09.38″N, 12°20′34.97″E.

Grensa mellom Kattegat og Øresund er definert som ei rett line over sjøen frå Kullen ytst på halvøya Kullaberg i Höganäs kommun nordvest i Skåne i Sverige til Gilbjerg Hoved, det nordlegaste punktet på Sjælland, rett vest for Gilleleje. Nakkehoved Fyr markerer innseglinga til Øresund frå Kattegat saman med Kullens fyr ytst på denne halvøya. Dei to fyra har såleis vore viktige for skipa når det gjeld å få landkjenning, det vil seie å få auge på faste og attkjennelege punkt på land til å navigere etter når ein kjem frå open sjø, og såleis finne fram i desse farvatna før dei moderne elektroniske navigeringshjelpemidla stod til rådvelde.

Nakkehoved Fyr har eit 21 meter høgt tårn, og blinkar kvart tjuande sekund med tre blink à 0,3 sekunds lengd rett etter kvarandre (gruppeblink). Ljosstyrka er på 229.358 candela, og ljoset er synleg over ein avstand på 25 nautiske mil (om lag 46 kilometer) i klårt vêr.

Soga til dei to fyra på Nakkehoved[endre | endre wikiteksten]

Det vart fastsett ved kongeleg resolusjon 10. desember 1770 at det skulle byggjast to fyr attmed kvarandre på Nakkehoved, slik det var lett å skilje desse fyra, som lyste ved hjelp av opne kolbål i ei jernkorg på toppen av tårna, frå det eine fyrtårnet på Kullens fyr på Skånesida av innseglinga til Øresund. Siktelinja moot dei to fyra på Nakkehoved gjorde det mogleg å halde klar av grunnene nord for Gilleleje. Dei to fyra var teikna av arkitekt G.D. Anthon, vart bygd for kongens rekning, og stod ferdige i 1772. Båe var firkanta fyrtårn i mur, samanbygd med kortsida og gavlen på kvar sitt fyrvoktarhus. Det vestre fyret var det høgste, på 9 meter; det austre var på 7,5 meter. Men dei var i drift berre frå 1. april til 31. august 1772, av di det med det same vart strid om betalinga av fyravgifta, og dei kom ikkje i drift att før i 1800, overlos, seinare kontreadmiral, Poul Løvenørn, tok initiativ til å nytte dei til fyrtekniske eksperiment. Det vart installert lukka kolfyring med innretningar som sytte for trygg regulering av lufttilgangen, slik at forbrenninga gjekk føre seg på rett måte.

I 1833 vart begge fyra bygd om med oljebrennarar, og det vart installert eit spegelsystem som gav ei fast, kvitt ljos. Det vestre fyret fekk 18 speglar med tilhøyrande lamper, og det austre 8 speglar og lamper. Samstundes med at det austre fyret vart teke ut or bruk i 1898, vart tårnet på det vestre fyret bygd høgare og fekk den høgda på 21 meter som det framleis har. Det fekk roterande linseapparat og ein 6-veikers oljebrennar, som i 1906 vart skifta ut med ein glødenettsbrennar som nytta petroleum. I 1955 vart denne brennaren skifta ut med ei elektrisk glødelampe. Fyret vart fram til 2003 passa av ein overfyrvaktar som budde i fyrmeisterhuset på staden. Fyret hyser i dag Fyrhistorisk Museum, som det austlege fyret òg er ein part av, og som opphavleg hysa dette museet. Dette fyret er no restaurert til den utsjånaden det hadde i 1800, og er eit av dei få kolfyrte fyra som er teke vare på i heile verda.

Freda område kring fyra[endre | endre wikiteksten]

Området ikring fyra er eit EU-habitatområde og er freda. Fyrbakkerne, som altså er ei 33 meter høg skråning, klint, ned mot stranda og sjøen, er dekt av kratt og har eit rikt fugleliv. Langs toppen av klinten går stigen Fyrstien mellom Nakkehoved og Gilleleje, og langs denne stigen er det mange steder med prektig utsyn over Øresund mot både Hornbæk, Kattegat og hamna i Gilleleje . Området er ornitologisk observasjonsstad saman med Gilbjerg Hoved og Hesbjerg bakke, som ligg 1 kilometer unna, og som med sine 50 meter over havet, inklusive den gravhaugen som ligg på toppen, er det høgste punktet i Gilleleje-området.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nakkehoved Fyr