Nanaksjahi-kalenderen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
No. Månad Panjabi Dagar Vestlege månader
1 Chet ਚੇਤ 31 mars-april
2 Vaisakh ਵੈਸਾਖ 31 april-mai
3 Jeth ਜੇਠ 31 mai-juni
4 Harh ਹਾੜ 31 juni-juli
5 Sawan ਸਾਵਣ 31 juli-august
6 Bhadon ਭਾਦੋਂ 30 august-september
7 Assu ਅੱਸੂ 30 september-oktober
8 Katak ਕੱਤਕ 30 oktober-november
9 Maghar ਮੱਘਰ 30 november-desember
10 Poh ਪੋਹ 30 desember-januar
11 Magh ਮਾਘ 30 januar-februar
12 Phagun ਫੱਗਣ 30/31 februar-mars

Nanaksjahi-kalenderen (pandjabi ਨਾਨਕਸ਼ਾਹੀ, nānakashāhī) er ein solkalender brukt av nokre sikhar. Kalenderen blei utforma i moderne tid og følgjer den gregorianske. Tradisjonelt har sikhar følgd den hinduiske bikrami-kalenderen.

Utgangspunktet for tidsrekninga er fødselen til den første sikh-guruen i 1469. Guru Nanak Dev har òg gjeve namn til kalenderen. Kalenderen legg fast alle viktige hendingar for sikhismen i høve til vestleg tidsrekning. Tradisjonelle høgtider som sikhar deler med hinduar, som divali og hola mohalla, følgjer stadig hindukalenderen.

Kalenderen er omstridd blant sikhar. På den eine sida frigjer han seg frå hindukalenderen, slik sikhismen var meint å ikkje vera verken hinduisme eller islam. Det at han følgjer den utbreidde vestleg kalenderen gjer det også lettare for sikhar å minnast viktige datoar. På den andre sida bygger han framleis på hindukalenderen i namn på månader, i tillegg til den opphavleg kristne vestlege kalenderen.

Nanaksjahi-kalenderen blei utforma av den kanadiske sikhen Pal Singh Purewal, som byrja arbeidet med han på 1960-talet, og teken i bruk av nokre sikhar rundt tusenårsskiftet. Første gongen han blei prøvd innført var i desember 1999 av den leiande sikhorganisasjonen Shiromani Gurdwara Prabandhak Committee, medan den andre leiande organisasjonen Akal Takht meinte ein ikkje burde innføra noko nytt før det var blitt konsensus innan khalsaen.

Nye år i nanaksjahi-systemet tek til på det som er den 13. mars i den gregorianske kalenderen.

Datoar[endre | endre wikiteksten]

Hending Nanaksjahi-dato Vestleg dato
Fødselen til Guru Gobind Singh, den tiande sikh-guruen 23. poh 5. januar
Fødselen til Guru Har Rai, den sjuande Sikh 19. magh 31. januar
Guru Har Rai blei den sjuande sikh-guruen
Nanaksjahi-nyttår
Hola mohalla-høgtida
1. chet 14. mars
Guru Hargobind, den sjette sikh-guruen, døydde 6. chet 19. mars
Fødselen til Guru Nanak, den første sikh-guruen og grunnleggjaren av sikhismen
Vaisakhi, grunnlegginga av khalsaen
1. vaisakh 14. april
Guru Angad, den andre sikh-guruen, døydde 3. vaisakh 16. april
Guru Amar Das blei den tredje sikh-guruen 3. vaisakh 16. april
Guru Harkrishan, den åttande sikh-guruen, døydde 3. vaisakh 16. april
Guru Tegh Bahadur blei den niande sikh-guruen 3. vaisakh 16. april
Fødselen til Guru Angad, den andre sikh-guruen 5. vaisakh 18. april
Fødselen til Guru Tegh Bahadur, den niande Sikh sikh-guruen 5. vaisakh 18. april
Fødselen til Guru Ardjan, den femte sikh-guruen 19. vaisakh 2. mai
Fødselen til Guru Amar Das, den tredje sikh-guruen 9. jeth 23. mai
Guru Hargobind blei den sjette sikh-guruen 28. jeth 11. juni
Martyrdommen til Guru Ardjan, den femte sikh-guruen, 2. harh 16. juni
Fødselen til Guru Hargobind, den sjette sikh-guruen 21. harh 5. juli
Guru Hargobind Sahib 6. sawan 21. juli
Guru Harkrisjan Sahib 8. sawan 23. juli
Guru Granth Sahib, den heilage skrifta til sikhane, blei sett opp i det gylne tempelet for første gong. 17. bhadon 1. september
Guru Amar Das, den tredje sikh-guruen, døydde 2. asu 16. september
Guru Ram Das blei den fjerde sikh-guruen 2. asu 16. september
Guru Ram Das, den fjerde sikh-guruen, døydde 2. asu 16. september
Guru Arjan blei den femte sikh-guruen 2. asu 16. september
Guru Angad blei den andre sikh-guruen 4. asu 18. september
Guru Nanak, den første sikh-guruen, døydde 8. asu 22. september
Fødselen til Guru Ram Das, den fjerde sikh-guruen 25. asu 9. oktober
Guru Har Rai, den sjuande sikh-guruen, døydde 6. katik 20. oktober
Guru Harkrisjan blei den åttande sikh-guruen 6. katik 20. oktober
Sikh-skrifta Guru Granth Sahib blei utropt som den siste guruen av Guru Gobind Singh 6. katik 20. oktober
Guru Gobind Singh, den tiande sikh-guruen, døydde 7. katik 21. oktober
Guru Gobind Singh blei den tiande sikh-guruen 11. maghar 24. november
Guru Tegh Bahadur blei drepen 11. maghar 24. november
Ajit Singh og Jujhar Singh, dei to eldste sønene til Guru Gobind Singh,. blei drepne i slaget ved Chamkaur 8. poh 21. desember
Zorawar Singh og Fateh Singh, dei to yngre sønene til Guru Gobind Singh, blei drepne i Sirhind 13. poh 26. desember

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]