Narmada

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Narmada
Narbada, Nerbudda, Rewa, marathi, hindi नर्मदा (), gujarati નર્મદા
Elv
none
Land Flag of India.svg India
Kjelde Narmada Kund i Amarkantak i Madhya Pradesh
Munning Khambhat-bukta i Det arabiske havet
 - stad Bharuch-distriktet i Gujarat
Lengd 1 289 km
Kart ovr Narmada med tilnærma nedslagsfelt i lysegrønt.
Kart ovr Narmada med tilnærma nedslagsfelt i lysegrønt.

Narmada er ei elv i sentrale India, og dannar saman med Tapti ei av grensene mellom Gangessletta i Nord-India og Deccanplatået i Sør-India. Ho er ei viktig heilag elv for hinduar.

Narmada er rundt 1 289 km lang og renn frå aust til vest. Ho er den største vestlegrennande elva i India.[1] Elva har utspring nær toppen av Amarkantak nord i delstaten Madhya Pradesh, ved møtestaden for Vindhya- og Satpurakjeda. Ho renn vestover nesten parallelt med Tapti, mellom Satpurafjella og Vindhyafjella. I Khambhat-bukta nedanfor Surat dannar ho saman med Tapti eit breidt estuar.

I elva lever mellom anna sumpkrokodille[1] og ulike typar karpefisk, mallefisk, Channa, Mastacembelus og Notopterus notopterus.[2]

Religiøs tyding[endre | endre wikiteksten]

Soger om elva seier at guden Sjiva kalla Narmada ned frå himmelen eller at ho sprang frå kroppen hans medan han dansa den kosmiske dansen.[1] Ifølgje tradisjonen må sjølv den heilage elvegudinna Ganga, i form av ei svart ku, vaska seg rein og kvit i Narmada ein gong i året.[3]

Maheshwar festning.

Å sjå Narmada skal reinsa ein hindu frå alle synder.[3] Det finst ei rekkje valfartsstader ved elva. Mahewswar og Omkareshwar er dei viktigaste.[1] I tillegg finst ein tradisjon for å valfarta rundt heile elva, narmadāparikramā. [4] Denne ferda er 260 mil lang og blir utført til fots, med få eigedelar, lite mat og utan pengar. Ein kan byrja og slutta på kva stad, men må heile tida gå med klokka, med elva til høgre for seg, og så nær elva som råd.[5]

Omkareshwar med to bruer og Sardar Sarovar-demningen i bakgrunnen.

Utnytting av elva[endre | endre wikiteksten]

Dei ulike delstatane Narmada renn gjennom, Madhya Pradesh, Gujarat og Maharashtra, har hatt strid om bruken av elva. Dei føderale styresmaktene i India har derfor oppretta eit styringsorgan for fordelinga, Narmada Water Dispute Tribunal. Det er bygd ei rekkje demningar i elva med planar om fleire.[1] Den omstridde Sardar Sarovar-demningen er den største av dei 30 planlagde demningane i Narmada Dam Project.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Narmada

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «Narmada River», ecoindia.com
  2. «Reverine Fisheries», agritech.tnau.ac.in
  3. 3,0 3,1 [1]
  4. Jürgen Neuss, Narmadāparikramā - Circumambulation of the Narmadā River
  5. «Rules of Parikrama», narmadayatra.com
Spire Denne geografiartikkelen som har med India å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.