Narvaelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Narva
Narva med Narva slott til venstre og Ivangorod slott til høgre
Narva med Narva slott til venstre og Ivangorod slott til høgre
Utspring Peipus
- Høgd 30 m
Munning Finskebukta
Land i nedslagsfelt Russland, Estland
Lengd 77 km
Middelvassføring 400 m³/s
Nedslagsfelt 53 000 km²

Narva (estisk Narva jõgi) eller Narova er ei elv som renn langs grensa mellom Estland og Russland. Ho har sitt utspring frå innsjøen Peipus, og renn gjennom byane Narva/Ivangorod og Narva-Jõesuu, og ut i Narvabukta, som er ein del av Finskebukta i Austersjøen. Narvareservoaret er ein kunstig innsjø (191 km²), som vart oppretta i 1956. Lengda på elva er 77 km, og har ei gjennomsnittleg breidd på 300 meter og eit djup på 5 meter. Den største sideelva hennar er Pljussa.

Elva har gjeve namn til Narva-kulturen.

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Narvaelva