Ivangorod

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ivangorod
Ивангород
Byvåpenet til Ivangorod
Byvåpenet til Ivangorod


Plassering
Ivangorod is located in Russland
Ivangorod is located in Leningrad oblast
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Leningrad oblast
Grunnlagd
Bystatus
1492
1954
Geografi
Flatevidd
 - By

66 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

10 922
  165,5 /km²
Koordinatar 59°22′0″N 28°13′0″EKoordinatar: 59°22′0″N 28°13′0″E
Høgd over havet 32 moh
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) +7 = 81375
Nettstad: www.ivangorod.ru

Ivangorod (russisk Ивангород, estisk Jaanilinn) er ein by i Leningrad oblast i Russland med om lag 11 000 innbyggjarar. Han ligg på høgre breidda av Narva, ved grensa mellom Russland og Estland, 159 km vest for Sankt Petersburg.

Byen er kjend for Ivangorod festning. Ivangorod er òg ein viktig grensekryssingspunkt og ein jernbanestasjon på TallinnSt.-Petersburg-banen. Han ligg like overfor den estiske byen Narva.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ivangorod festning.

Festninga vart oppretta i 1492 under styret til Ivan III av Moskva og vart kalla opp etter han. Mellom 1581–1590 og 1612–1704 var festninga kontrollert av Sverige. Trass andre endringar i territorium og suverenitet, så vart Ivangorod administrativt sett på som ein del av byen Narva frå 1612 til 1945.

Etter kollapsen til Det russiske keisardømet skaffa den nyleg sjølvstendige republikken Estland seg i januar 1919 kontroll over heile byen Narva, inkludert Ivangorod og dette vart seinare anerkjend av bolsjevik-Russland gjennom freden i Dorpat i 1920. Sovjetunionen okkuperte Estland på ny i 1944 under den andre verdskrigen og i januar 1945 vart Ivangorod administrativt fråskild resten av Narva og overført til Leningrad oblast i den Russiske SFSR. Ivangorod fekk bystatus i 1954.

Etter at Estland vann attande sjølvstende sitt i 1991, såg Russland grensa frå freden i Dorpat i 1920 som juridisk erstatta av grensa mellom dei to tidlegare sovjetrepublikkane, som seinare vart trekt opp av sovjetiske styresmakter. Ivangorod vart dermed verande ein del av Russland. På grunn av politiske spaningar har ein ny grenseavtale mellom Estland og Russland enno ikkje tredd i kraft.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ivangorod

Kjelder[endre | endre wikiteksten]