Narva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Narva (fleirtyding).
Narva linn
Hermannfestninga i Narva
Hermannfestninga i Narva
Flagget til Narva linn Byvåpenet til Narva linn
Flagget til Narva linn Byvåpenet til Narva linn


Plassering
Narva is located in Estland
Styresmakter
Land Flag of Estonia.svg Estland
Maakond Ida-Viru maakond
Geografi
Flatevidd
 - By

84,54 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2004)
   - folketettleik

67 355
  796,7 /km²
Koordinatar 59°23′0″N 28°12′0″EKoordinatar: 59°23′0″N 28°12′0″E
Tidssone
- Ved sommartid
EET (UTC+2)
EEST (UTC+3)
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.narva.ee

Narva (historisk tysk namn Narwa) er ein by og kommune heilt nord i Estland, rett ved grensa til Russland. Narvaelva, som kjem ifrå innsjøen Peipus, renn gjennom byen. I 2004 hadde byen eit folkesetnad på 67 355. Byarealet utgjer i alt 84,54 km², noko som gjev ein folketettleik på 796,7 innbyggjarar per km².

Byen vart grunnlagd under dansk herredøme på 1200-talet, og slottet og den omliggjande landsbyen kom under styret til Den tyske riddarordenen i 1347. Han vart ei kort tid overteken av russarane i 1555, og Narva bytte sidan eigarskap fleire gonger, før han frå 1581 vart kontrollert av Sverige. Byen vart erobra på ny av Russland i 1704 og det russiske styret varte fram til Estlands sjølvstendei 1918.

På andre sida av Narvaelva ligg det ei russisk festning som heiter Ivangorod og som vart grunnlagd av storhertugen Ivan III av Russland i 1492. I sovjettida var Narva og Ivangorod tvillingbyar endå dei låg i ulike republikkar. Før den andre verdskrigen var Ivangorod (som på estisk heiter Jaanilinn) ein del av Narva.

Den kjende estiske sjakkspelaren Paul Keres var fødd i Narva.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]