Imperialisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Imperialisme er ei nemning vanlegvis bruka om eit lands politikk for dominans over og/eller økonomisk utnytting av andre land eller territorier. Dette kan skje direkte gjennom territorial erobring eller indirekte gjennom politisk og/eller økonomisk kontroll. Imperialisme er ofte brukt som nemning på ein politikk for å opprette koloniar og for å dominere andre land - også land i andre verdsdelar enn heimlandet. Det britiske imperiet bestod av koloniar i alle verdsdelar, derfor sa dei «The sun never sets on the British Empire». Mange andre europeiske land var også kolonimakter.

Ein tidleg imperialisme og opphavet til nemninga var Romarriket, det romerske imperiet, i antikken.

Etter at dei formelle koloniane blei sjølvstendige, ofte etter blodige krigar der kolonimaktene brukte alle middel for å slå ned dei nasjonale oppstandane, er nykolonialisme den typiske forma for imperialisme.

Nykolonialisme inneber at land er formelt sjølvstendige, men reelt dominerte både politisk og økonomisk. Dette har til dømes lenge kjenneteikna forholdet mellom USA og mange land i Latin-Amerika. At desse landa har vore formelt sjølvstendige, har ikkje hindra både indirekte og svært direkte USA-amerikansk intervensjonisme. Det er frå somme hald hevda at kapitalistisk globalisering på mange måtar er eit framhald av nykolonialismen. Det er også stilt spørsmål om angrepskrigen mot og okkupasjonen av oljelandet Irak kan sjåast i ein slik samanheng.

Imperialisme er også nemninga på det synet som går på at europeiske land har ein siviliserande misjon overfor land i andre verdsdelar.

I nyare tid har det også vore forsøk på å kritisere ein meir kulturell form for imperialisme, og då først og fremst den globale spreiinga av amerikansk kultur.

I Marxistisk teori blir gjerne imperialisme knytt til Lenins påstand om at imperialismen er «kapitalismens høgaste stadium». Imperialismen blir, ut frå denne teorien, drive fram av monopoliseringa av kapitalen i heimlandet som fører til auka konkurranse om ressursar og marknader verda over.