Naturtrompet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skisse av ein naturtrompet.

Naturtrompet er eit trompetinstrument utan klaffar, og kan dermed berre spela naturtonar. Ein som speler naturtrompet får fram ulike tonar berre gjennom å endra munnstillinga medan han bles. I korte naturtrompetar vil ein berre kunne spela nokre tonar, medan i ein lengre vil ein kunne få fram ein diatonisk skala ved å spela høge tonar. Ein dyktig spelar vil også kunne få fram nokre kromatiske tonar utanfor den diatoniske skalaen, men desse vil ikkje ha same styrke som dei andre.

Barokk naturtrompet og naturhorn.

Fram til 1800-talet, der ein utvikla trompetar med ventilar og klaffar, fanst berre naturtrompetar. Dei blei brukte som signalhorn og til fanfarar ved høgtidelege høve, men også til klassisk musikk. Særleg i barokken blei det brukt mykje trompet, og ein finn religiøse, orkester- og solostykke skrivne for naturtrompet av Vivaldi, Telemann, Händel og Bach. Delar der trompetstemmen var svært høg blei kalla clarino ('skingrande'), og kunne skrivast for ein særskild virtuos trompetist. Bach skreiv til dømes ofte med tanke på Gottfried Reiche og Händel skreiv nokre av sine best kjende trompetstykke for Valentine Snow.

Oppfinninga av moderne trompetar med ventilar gjorde at trompetistar kunne spela fleire tonar. I dag er naturtrompet sjeldan, men kan brukast til gammalmusikk. I mange høve bruker ein barokktrompet som er tilpassa med anakronistiske fingerhòl.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]