Neiden
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Neiden er ei bygd i Sør-Varanger kommune i Finnmark, der E 6 kryssar Neidenelva. Staden er ein samisk busetnad, og her finst dei attståande norske skoltesamane. Sankt Georgs kapell er det einaste ortodokse kapellet i Noreg og landets minste kyrkje. Kapellet er ifylgje tradisjonen reist av munken Trifon på 1500-talet. I Øvre-Neiden ligg ei av statens fjellstover.
Den største attraksjonen på staden er Skoltefossen, der det vert praktisert kastenotfiske på gammalt samisk vis. Laksetrapp. Veg over Sevettijärvi til det finske riksvegnettet ved Kaamanen.
Namnet kjem av skoltesamisk Njauddâm. Tydinga er utolka.
Kjelde [endre]
- Store norske leksikon, snl.no, «Neiden»