Polmak
| Geografi | ||
|---|---|---|
| Kommune | Tana | |
| Fylke | Finnmark | |
| Annan informasjon | ||
| Ferdselsårer | 895 | |
| Postnummer | 9845 TANA | |
| Preposisjon | i Polmak | |
| Kart | ||
|
|
||
| Koordinatar: | ||
Polmak (nordsamisk Buolbmát, finsk Pulmanki) er ei bygd og eit kyrkjesokn i Tana kommune i Finnmark fylke. Polmak var også ein sjølvstendig kommune frå 1903 til 1964, sjå Polmak kommune.
Innhaldsliste |
Bygda [endre]
Bygda Polmak ligg på sørsida av Tanaelva, kring ein kilometer austom riksgrensa mot Finland. Tana museum[1], Polmak tollstad[2] og Polmak kyrkje ligg her. Riksveg 895 går gjennom bygda, og om vinteren går det isveg over Tanaelva frå Europaveg 75/Europaveg 6 på nordsida til Polmak.
Kyrkjesoknet [endre]
Polmak er eit kyrkjesokn i Indre Finnmark prosti i Den norske kyrkja[3] Soknet femner den sørlege delen av Tana kommune, medan den nordlege delen av kommunen tilsvarar Tana sokn.
Det er to kyrkjer i soknet, Polmak kyrkje frå 1853 i bygda Polmak, og Levajok fjellkyrkje frå 1973. I tillegg ligg Sirbmá kapell frå 1954 i Sirma.
Stadnamnet [endre]
Det norske namnet Polmak er ei forvrenging av det nordsamiske namnet Buolbmát. Det samiske namnet er ikkje tolka.[4]
Referansar [endre]
- ↑ Om Tana museum på nettstaden til Tana kommune. Vitja 28. juni 2009
- ↑ Om Polmak tollstad på nettstaden til Det norske tollvesenet. Vitja 28. juni 2009
- ↑ Om Polmak sokn på nettstaden til Den norske kyrkja. Vitja 28. juni 2009
- ↑ Frette, Thor (1997) «Polmak» – i: Norsk stadnamnleksikon, 4. utgåva, 2. opplaget. utg. (red. Jørn Sandnes og Ola Stemshaug), s. 351 – Det norske Samlaget, Oslo. ISBN 82-521-4905-7.