Varangerbotn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Varangerbotn
Geografi
Kommune Nesseby
Fylke Finnmark
Annan informasjon
Ferdselsårer E75 E6
Postnummer 9820 VARANGERBOTN
Preposisjon i Varangerbotn
Kart
Varangerbotn is located in Finnmark
70°10′21″N 28°33′21″EKoordinatar: 70°10′21″N 28°33′21″E

Varangerbotn (samisk Vuonnabahta) er administrasjonssenter i Nesseby kommune i Finnmark. Staden ligg inst i Varangerfjorden.

Europaveg 6 går gjennom staden, medan Europaveg 75 startar her på veg austover mot Vardø.

Her ligg Varanger samiske museum (samisk: Varjjat Sami Musea). Museet viser samisk kultur i Finnmark. Det består mellom anna av Amtsmannsgammen (med båthus, fartøy og samisk handverk) og Isak Saba-huset, barndomshuset til den første samiske representanten på Stortinget. Han vart vald til på Stortinget for Arbeidarpartiet og sat der frå 1906 til 1912.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Finnmark å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.