Nellie Bly

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nellie Bly

Nellie Bly (5. mai 18647. januar 1922), fødd Elizabeth Jane Cochran i Cochran's Mills i Pennsylvania, var ein pioner innan undersøkande journalistikk.

Oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Cochran fekk den fyrste utdanninga si i heimen, men gjekk seinare på skule i Indiana. I 1881 flytta familien til Pittsburgh, og det var der ho debuterte i journalistyrket. I 1885 gav Pittsburgh Dispatch ut ein artikkel, What girls are good for, der ein ville innskrenke kvinnene si verd til hushaldsarbeid og familie. Til denne artkkelen forfatta den 18-årige Elizabeth eit engasjert svarbrev, som resulterte i at sjefredaktøren tilbaud henne arbeid i avisa og føreslo pseudonymet Nellie Bly etter ein populær song av Stephen Foster.

Journalistkarriere[endre | endre wikiteksten]

Allereie som 22-åring gjennomførte ho ei svært spesiell reportasjereise. Oppdraget hennar var nemleg å prøve å slå Phileas Fogg sin «litterære» rekord på 80 dagar for ei jorda rundt-reise. Dette klarte ho på litt over 72 dagar.

Nellie fekk lage ein artikkelserie om arbeidarjenter, ho skreiv om barnearbeid og skilsmisser, før ho etterkvart vart samfunns- og kunstredaktør. I 1887 reiste ho med mor si til Mexico og sende heim ein serie artiklar om dei sosiale forhalda der, som vart samla i boka Six months in Mexico.

Då Bly kom tilbake til USA flytta ho til New York-avisa The World der ho utførte ein serie avslørande reportasjar om mentalsjukehus. Gjennom sjølv å spela sinnsjuk blei ho lagd inn på Blackwell Island-asylet. Bly avdekte dårlege tilhøve som førte til sårt trengte endringar på sjukehuset. Med liknande teknikkar skreiv ho mellom anna om livet i slummen og arbeidstilhøve i fabrikkane.

Seinare liv[endre | endre wikiteksten]

Nellie Bly gifta seg med millionæren Robert Seaman i 1895 og trekte seg tilbake frå reportarlivet. Då mannen døydde i 1904 tok ho over styret av selskapa hans. Ho innførte mange av dei reformene ho hadde ivra for for arbeidarane, men gjekk konkurs i 1913.

Seinare tok ho opp att arbeidet som journalist, og dekte mellom anna konferansen for kvinneleg røysterett i 1913 og austfronten under andre verdskrigen.

Ho døydde 57 år gammal av lungebetennelse.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nellie Bly

Kjelder[endre | endre wikiteksten]