Nepe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nepe


Neper. Foto: Peter Presslein
Neper.
Foto: Peter Presslein

Systematikk
Rike: Plantae
Orden: Brassicales
Familie: Brassicaceae
Slekt: Brassica
Art: B. rapa
Vitskapleg namn
Brassica rapa rapa

Nepe (Brassica rapa) er ein gammal kulturplante som hadde stor ernæringsmessig tyding før poteta kom til Europa. Neper finst i fleire variantar og forma på rotfrukta kan vera rund, oval eller avlang.

Nepe blir hausta ganske tidleg og får berre veksa i rundt 6 veker før ho blir teken opp. Den kvite runde rotknollen er då liten i storleik med ein diameter på 8–10 cm. Tidleghausta nepe er ei velsmakande delikatesse med mild og god smak. Veks nepa lengre, blir ho større, smaken blir beisk og konsistensen hard eller treen.

Dei fleste nepesortane er kvite, men i Nord-Noreg dyrkar ein òg den skarpt gule målselvnepa.

Målselvneper i ei torgbu i Tromsø. Målselvnepene er skarpt gule, og vert brukte i Nord-Noreg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nepe
Spire Denne landbruksartikkelen som har med mat å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.