Neptunmånen Proteus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Neptunmånen Proteus
Neptunmånen Proteus
Oppdaging
Oppdagar Voyager 2
Oppdaga dato August 1989
Baneparametrar
Store halvakse 117 647 km
Omløpsperiode 1,122315 d
Banehelling 0,026°
Fysiske eigenskapar
Diameter 420 km (middel) (404 km · 416 km · 440 km)
Masse 5,0·1019 kg
Estimert middeltettleik 1,3 g/cm3
Rotasjonsperiode Ukjend
Aksehelling Ukjend

Proteus er den nest største av månane til planeten Neptun. Han vart oppdaga av romsonden Voyager 2 i 1989. Namnet kjem frå havguden Protevs i gresk mytologi.

Proteus er det største kjende objektet i solsystemet som ikkje er kuleforma. Hadde han hatt berre litt større masse, reknar ein med at gravitasjonskreftene ville ha gjort han like rund som ein planet. Likevel vart han ikkje oppdaga før i 1989. Grunnen til dét, er først og fremst fargen: Månen er svart som sot.