Neusiedlersjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Neusiedlersjøen
Neusiedlersjøen - Neusiedlersjøen om vinteren.
Neusiedlersjøen om vinteren.
Stad Burgenland i Austerrike og Aust-Ungarn
Koordinatar 47°50′N 16°45′E
Type innsjø steppeinnsjø
Tilsig Wulka
Utsig fordamping (90%) Einserkanal (kunstig)
Tilsigsområde 1 120 km²
Tilknytte land Austerrike og Ungarn
Største lengde 36 km
Største breidde 12 km
Overflateareal 315 km²
Middeldjupne 1 m
Største djupne 1,8 m
Høgd over havet 115 m
Busetnadar Neusiedl am See, Rust

Neusiedlersjøen (tysk: Neusiedler See, ungarsk: Fertő-tó) er den nest største steppeinnsjøen i Sentral-Europa, og ligg på grensa mellom Austerrike og Ungarn. Innsjøen dekkjer eit 315 km² stort område, der 240 km² ligg i Austerrike og 75 km² i Ungarn. Tilsigsområdet til innsjøen er på om lag 1 120 km². Frå nord til sør er innsjøen om lag 36 km lang, og er mellom 6 og 12 km brei frå aust mot vest. Innsjøen ligg 115 meter over havet, og er ikkje meir enn 1,8 m djup på det djupast. Nedbør kan stundom føre til alvorlege flaumar, medan tørke kan få innsjøen til å skrumpe inn. Det har fleire gongar skjedd at innsjøen har forsvunne heilt, sist gong på byrjinga av 1900-talet.

Det meste av innsjøen er omringa av siv. Vasskvaliteten vert styrt av kor mykje salt og gjørme sedimenta på vassbotn gjev frå seg. Om sommaren er det stundom sivbrannar, sidan tørre siv er svært brannfarlege, og brannane spreier seg ofte raskt på grunn av vinden.

Før ein byrja å regulere innsjøen på 1800-talet strakk innsjøen seg søraustover til sumplandet Hanság. Han var derfor nært knytt til elvane Donau og Raab. I dag er det eit slusesystem i det ungarske området Fertőújlak som styrer vassnivået. Saker om innsjøen som angår begge landa vert tatt hand om av den austerriksk-ungarske vasskommisjonen.

Nasjonalparkane Neusiedler See-Seewinkel i Austerrike og Fertő-Hanság i Ungarn vart saman tatt opp på Verdsarv-lista i 2001.

Eit storkereir som er typisk for området.

Området rundt Neusiedlersjøen trekkjer til seg mange turistar, og sjøen er kjend som «Wienarane sine sjø», sidan ein både kan segle og vindsurfe her. I tillegg er det ei viss grad av kommersiell fiske.

Dei meir viktig landsbyane langs innsjøen er Illmitz, Podersdorf, Weiden, Neusiedl am See, Jois, Winden, Breitenbrunn, Purbach am Neusiedlersee, Donnerskirchen, Oggau, Rust og Mörbisch i Austerrike, og Fertőrákos, Fertőboz, Fertőd, Balf og Fertőújlak i Ungarn, der landsbyane Illmitz, Apetlon og Podersdorf dannar det såkalla Seewinkel-området (sjøhjørne), som ligg mellom innsjøen og den ungarske grensa.

Dei siste åra har vassnivå i innsjøen minka drastisk, og har minka med 30 cm på berre eit år. Dette skapar problem for segling og kommersiell transport, sidan båtane stadig oftare treffer botn.