Nic Waal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Nic Waal, fødd Caroline Schweigaard Nicolaysen (1. januar 190528. mai 1960) var ein norsk lege og føregangsperson innan barnepsykologi og barnepsykiatri.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Ho tok artium i 1923 og vart cand.med. i 1930. Etter turnusteneste tok ho spesialistutdanning i psykoanalyse i Berlin. Både før og etter dette gjekk ho sjølv i psykoanalyse, både terapeutisk og didaktisk, blant anna hos Harald Schjelderup og Wilhelm Reich. Ho vart godkjent psykoanalytikar i 1933, spesialist i psykiatri 1951 og i barnepsykiatri 1953.

Den offentleg verksemda hennar byrja allereie i studietida, med foredrag om familieplanlegging og seksuell frigjering. Som privatpraktiserande lege i Oslo 1932 til 1939 vart ho gjenstand for ei Chat Noir-vise: «Fru Nic Hoel har psykoanalysert meg, har ‘a psykoanalysert deg?».

Ho hadde ulike stillingar innan psykiatri ved sjukehus i Oslo 1939-1954. I 1951 opna ho i Oslo Dr. Waals institutt for barn med tilpasningsvanskeligheter, Noregs første tilbod innan barnepsykiatri. Instituttet vart utvida i 1953 og kalla Nic. Waals Institutt. Ho leia instituttet til hø døydde i 1960.

Posten utgav i 2005 eit frimerke i høve 100-årsdagen for fødselsdagen til Waals.Norwegian stamps 2005

Ekteskap og born[endre | endre wikiteksten]

Nic Waal var gift med forfattaren Sigurd Hoel 1927-1936. Ho var òg gift med Wessel Waal frå 1937 og hadde to born med han, Berit og Helge. I 1951 gifta ho seg med lege Axel Helju, eit ekteskap som varte til 1954. I oppveksten og studietida pleidde ho omgang med Mot Dag-kretsen til Trygve Braatøy, Trygve Bull, Karl Evang og Erling Falk.

Motstandsarbeid under andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Nic Waal deltok under krigen aktivt i motstandsarbeidet, blant anna ved å føre jødiske born til Sverige. Ho vart arrestert og var flyktning i Sverige våren 1945. For dette vart ho heidra med æresbevisinga Righteous Among the Nations.

Meir kuriøst kan nemnast at ho i 1929 omsette kriminalromanen Mordaren i den kinesiske eske til norsk.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Filmen og barna. 1938 (Som Nic Hoel)
  • Disiplin og karakterutvikling. 1939
  • Family life and housing conditions. Stockholm, 1947
  • Mennesker og boliger. 1948. (Medforf. Bind 2 av Oslo byes vel's boligundersøkelse)
  • Vi og smårollingene våre i det første året. 1948 (omsett til svensk)
  • Personlighetsdiagnostikk med henblikk på strukturbeskrivelse, utkast til begrepssystem. 1956 (Medforf. Stensiltrykk. 2. utg. 1973)
  • Nic Waal's metode for somatisk psykodiagnostikk, beskrivelse av undersøkelsesmetoden med utkast til begrepssystem. 1957 (Medforf. Stensiltrykk)
  • Er det foreldrenes skyld?. 1962 (omsett til svensk og dansk)
  • Utvalgte faglige skrifter. 1969

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Lemjan, Ida. «Nic Waal og hennes metode». I: Impuls, tdsskrift for psykologi, nr 4, 1990
  • Waal, Helge. Nic Waal, det urolige hjerte. Pax, 1991

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]