Niels Wilhelm Gade

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Niels Wilhelm Gade

Niels Wilhelm Gade (22. februar 181721. desember 1890) var ein dansk komponist, dirigent og musikar frå romantikken. Han var den viktigaste musikaren i Danmark i si levetid. Han underviste både Edvard Grieg, Carl Nielsen og Halfdan Kjerulf, og påverka mange seinare skandinaviske komponistar.

Gade var fødd i København, der han også døydde. Han var elev av F. Wexschall og Andreas Berggren, og blei fiolinist og organist, i tillegg til å komponera. I 1841 slo han gjennom med ouverturen «Efterklange af Ossian» og vann med denne Musikforeningens ærespris. Frå 1843 til 1848 oppheldt han seg i Tyskland. Her var han nært knytta til Schumann og Mendelssohn, som han etterfølgde som dirigent i Gewandhaus i Leipzig. Etter at Gade vendte heim til Danmark, han blei leiar av Musikforeningen, meddirektør ved det nyoppretta konservatoriet i København og verka som organist.

Ved sidan av Johan Hartmann var Niels Gade den viktigaste representanten for den danske romantikken. Dei musikalske førebileta hans var først og fremst tyske, men han viste også frå byrjinga av ein nasjonal tone som kom til å få tyding for elevane hans og gjorde han vel ansett ute i Europa.

Gade skreiv 8 symfoniar, fleire konsertouverturer, ein del kammermusikk, ballettar, korverk, songar, klaver- og orgelverk. Dei viktigaste verka hans er frå før 1860: Symfoni nr. 1 i c-moll (Paa Sjølunds fagre Sletter, 1842), nr. 2 i E-dur (1843), nr. 3 i a-moll (1847), nr. 4 i B-dur (1850); korverka Frühlings-Phantasie (1852), Elverskud (1853), Balders død (1857) og balletten Et Folkesagn (1853).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Niels Wilhelm Gade (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 3. februar 2014.
Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.