Nikolaus Kopernikus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nikolaus Kopernikus

FøddNiklas Koppernigk
19. februar 1473
Toruń
Død24. mai 1543
Frombork
NasjonalitetKongedømmet Polen
Områdeastronomi, matematikk, mekanikk, samfunnsøkonomi
Yrkeastronom, jurist, samfunnsøkonom, matematikar, jurist, fysikar, filosof, omsetjar, lege, diplomat, skribent
InstitusjonarUniversitetet i Padova
Det jagellonske universitet
Alma materDet jagellonske universitet
Universitetet i Padova
Universitetet i Bologna
Universitetet i Ferrara
DoktorgradsrettleiarDomenico Maria Novara da Ferrara
Leonhard von Dobschütz
Barndomsheimen til Kopernikus i Toruń (Thorn)

Nikolaus Kopernikus (fødd 19. februar 1473 i Frauenburg, død 24. mai 1543) var ein europeisk astronom som i det banebrytende meisterverket sitt «De revolutionibus orbium coelestium» (utgitt 1543) var fyrst til å utforme ei moderne formulering av den heliosentriske teorien.

Kopernikus var ein av dei store polyhistorane i renessansen. Han var astronom, klerikar, matematikar, lege, fysikar, domherre, guvernør, administrator, diplomat, økonom og soldat, men det er utan tvil som astronom han er blitt mest kjend. Formuleringa hans at sola (framfor jorda) var sentrum i universet blir sett på som ein av dei viktigaste vitskaplege hypotesane i historia. Den skulle vise seg å leggje grunnlaget for den moderne astronomien, og årstalet 1543 blir av historikarane gjerne sett på som året den moderne vitskapen blei grunnlagt.

Kopernikus blei fødd som Niklas Koppernigk i ein kjøpmannsfamilie i Thorun (Toruń), som på den tida låg i Det kongelege preussen. Faren, Nikolas Koppernigk, var ein velhavande kjøpmann og embetsmann. Han døydde da sonen var ti år gammal. Etter farens død blei Kopernikus tatt hand om av onklane sine, Lukas Watzenrode, fyrstbiskop av Ermeland, og Tilman von Allen, borgarmeister i Thorn.

I perioden 149194 studerte Kopernikus ved universitetet i KrakówAkademia Krakowska (dagens Uniwersytet Jagielloński) – der han var elev av blant anna Wojciech Brudzewski (latinisert Albertus de Brudzewo). I løpet av studia bestemte Kopernikus seg for å latinisere namnet sitt, og skreiv seg frå den tida under av med Copernicus.

I 1496 reiste han til Italia for å studere jus og medisin i Bologna, og studerte også astronomi i Padova, da han snart fatta interesse for dette feltet. Han studerte også i Ferrara hos Giovanni Bianchini, og mottok der doktorgraden i kyrkjerett.

Etter studia i Italia reiste Kopernikus tilbake til Det kongelege Preussen, der han for det meste arbeida som katolsk geistleg.

Da pave Leo X i 1514 oppfordra teologar og astronomar til å bidra til ei presis fastlegging av påska, blei Kopernikus involvert i arbeidet med å måle året og månadene presist ut frå observasjonar av himmellekamar.

Som administrator i Det ermelandske bispedømmet slo Kopernikus tilbake på angrep frå Den tyske ordenen. Som ein av den polske kongens undersåttar skreiv han i 1516 eit brev til Sigismund I (Zygmunt Stary), der han bad kongen om hjelp for å nedkjempe krossfararane. I krigen mellom Polen og Den tyske ordenen 1519–-1524 støtta Kopernikus dermed herskaren sin, den polske kongen, og forsvarte saman med familien sin byen Allenstein (Olsztyn).

Mest kjend er Kopernikus fordi han var den fyrste som systematisk skildra korleis jorda og dei andre planetane roterer rundt sola (det heliosentriske systemet), i motsetning til det som var den allmenne oppfatninga før dette, det vil seie at sola og dei andre planetane roterer rundt jorda (det geosentriske systemet).

Skildringa av det heliosentriske systemet hadde han klart i 1507. Rheticus publiserte delar av skriftene hans i 1539, men dei vart ikkje gitt ut i sin heilskap før etter at Kopernikus hadde døydd i 1543, under tittelen De revolutionibus orbium coelestium. Det blei raskt eit standardverk for seinare astronomar.

Heilt i samsvar med den moderne fysikkens skildring av solsystemet var verdensmodellen til Kopernikus likevel ikkje. Seinare skulle Johannes Kepler påvise at planetane ikkje fylgjer sirkelforma, men snarare elliptiske banar rundt sola.

Han representerte domkapittelet i Frauenburg (Frombork) i den prøyssiske landdagen i 1522.

Kopernikus interesserte seg også for økonomiske problemstillingar, og resultatet blei eit prosjekt om valutareform (1517), som han presenterte på sejmik i Thorn (Toruń) i 1519. Denne blei utvida i 1526 og utforma som traktat under tittelen Monetae cudendae ratio, der Kopernikus formulerte grunnlaget for pengereforma som skulle styrke og standarisere den prøyssiske og den polske valutaen. Kopernikus formulerte også den økonomiske samanhengen at såkalla slett mynt fordriv god mynt frå sirkulasjonen. Denne lova er seinare blitt kjend som Greshams lov.