Nils Nersten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nils Nersten
Fødd24. juli 1882
Død3. juni 1975 (92 år)
Statsborgar avNoreg
Alle verv

Nils Nersten (24. juli 18823. juni 1975) var ein norsk landbrukslærar, bonde og politikar frå Øyestad i Aust-Agder. Han representerte BondepartietStortinget 1922-27 og 1934-36.

Nersten var son til ein gardbrukar. Han gjekk amtsskule før han tok landbruksskulen i Bjørnetro og vinterlandbruksskulen i Oslo. Vinteren 1905 var han lærar på landbruksskulen på Nedstrand i Rogaland. Deretter gjekk han eit år på Noregs Landbrukshøgskule, der han tok eksamen i 1907. Dei neste åra arbeidde ved Søve landbruksskule i Telemark, med unnatak for eit år han var stipendiat på Landbrukshøgskulen. Tida 1911-16 var han styrar på landbruksskulen i Setesdal. Frå 1916 var han bonde på Longerak i Bygland. Han overtok også slektsgarden Gauslå i Herefoss.

Nersten engasjerte seg i politikk og organisasjonsliv. Han var med i jordbrukskonsesjonemnda 1917 og i arbedsløysenemnda av 1919. Frå 1920 til -27 var han formann i Aust-Agder Bondeparti, og 1921-28 medlem av landsstyret i Bondepartiet. Han var også formann i Aust-Agder Skogselskap og styremedlem i Norges Skogeierforbund og Norges Bondelag. Elles var han styremedlem for fellesfløytinga både i Tovdalselva og Otra og i Byglandsfjord Dampsag & Høvleri. Han var ein mykje nytta takstmann ved offentleg skjøn.

I perioden 1922-1927 var Nersten stortingsmann for Aust-Agder. På Tinget representerte han Bondepartiet og var i den fyrste treårsbolken medlem av Jarnbanekomiteen og sekretær for Skog- og vassdragskomiteen, i den andre bolken var han formann i komiteen. Hausten 1933 vart han vald til stortingsrepresentant på ny, og var i perioden 1934-36 medlem av Helsekomiteen og nestformann i Kommunalkomiteen.

Nersten gav i 1950 ut Minner fra Setesdal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]