Stortingsvalet 1921

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Stortingsvalet 1921 vart halde i Noreg hausten 1921. Dette var det første stortingsvalet i Noreg som vart heldt ved forholdstalsval, i det gamle systemet var det fleirtalsval i einmannskrinsar. Dette gav eit Storting med ei meir rettferdig fordeling av plassane i høve til stemmetala. Samstundes vart talet på stortingsrepresentantar auka med 24 til 150.

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Parti Del av røystene (%) Endring i høve til 1918 Mandat Endring i høve til 1918
Fellesliste Høgre og Frisindede Venstre 33,4 57 + 8
Arbeidarpartiet 21,3 29 + 11
Venstre 20,1 37 - 15
Landmandsforbundet 13,1 17 + 14
Socialdemokratane 9,2 8 + 8
Det Radikale Folkeparti 2,5 2 - 1
Andre 0,4 0 - 1
Total 100 0 150 + 24

Om resultatet[endre | endre wikiteksten]

Den gamle valordninga hadde særleg slått negativt ut for Arbeidarpartiet. Omlegginga av valordninga ved dette valet førte dermed til kraftig framgang for Arbeidarpartiet i talet på representantar med 11 nye, sjølv om partiet gjekk sterkt attende i talet på røyster. Tilbakegangen i røystetal skuldast i stor grad partisplittinga som hadde ført til danninga av Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti tidlegare på året. Det nye partiet kom òg inn på Stortinget med åtte mandat. Dette var òg det første valet der Landmandsforbundet stilte over heile landet. Dette gav rørsla, som ved neste val stilte som "Bondepartiet", 17 representantar. Dette gjekk i stor grad på bekostning av Venstre, som var den store taparen, både i røystetal og mandat. Venstreregjeringa til Otto Albert Blehr vart likevel sitjande fram til 1923, og etter eit år med Høgreregjering under Otto Bahr Halvorsen og Abraham Berge fekk Venstre tilbake regjeringsmakta før neste stortingsval i 1924, under Johan Ludwig Mowinckel si første regjering.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Førre: 1918 Stortingsval Neste: 1924