Nobby Stiles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nobby Stiles


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 18. mai 1942
Collyhurst
Død

30. oktober 2020 (78 år)

Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1970, VM i fotball 1966, EM i fotball 1968

Utmerkingar

medlem av Den britiske imperieordenen

Norbert Peter Stiles (18. mai 194230. oktober 2020), kjend som Nobby Stiles, var ein britisk-engelsk fotballspelar frå Manchester som vart verdsmeister 1966 med England, europacupvinnar 1968, ligameister 1965 og 1967, alt med Manchester United.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Stiles debuterte på Manchester United hausten 1960 og fekk snøgt plass i ei defensiv rolle på midtbana. Dei neste elleve sesongane spelte han 311 ligakampar og skåra 17 mål for United. Han var vraka då Manchester United vann FA-cupen 1963 med 3-2 over Leicester City. Då United vann ligaen i 1965, og på ny i 1967, deltok han i nesten alle seriekampane. Han var med då Manchester United den 29. mai 1968 vart det fyrste engelske laget som vann Europacupen, etter siger over Benfica frå Lisboa. Ved sesongslutt i mai 1971 vart Stiles overført til andredivisjonslaget Middlesbrough for 20 000 pund. Etter to sesongar i Nord-England avslutta han med to sesongar, 1973-75, i Preston North End.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Stiles debuterte på det engelske landslaget 10. april 1965, samstundes med Jackie Charlton og Barry Bridges, då England og Skottland spelte uavgjort 2-2- på Wembley stadion. Dei neste to åra var han fast på Englands lag. Den 23. februar 1966 skåra han det einaste målet i kampen, og han einaste landslagsmål, då Vest-Tyskland vitja Wembley, fem månader før dei same to landslaga møttest til VM-finale på same bana. Under fotball-VM 1966 på heimebane spelte han alle seks kampane og vart framheva for innsatsen i både semifinalen mot Portugal, og i finalen mot Vest-Tyskland, som vart slått med 4-2 etter ekstraomgangar. Etter våren 1967 fekk Stiles få kampar i landslagsdrakta, men tok del då England vann bronse i fotball-EM 1968 i Italia med 2-0 over Sovjetunionen. Han var med i troppa til VM i fotball 1970 i Mexico, utan å kome på bana. I april 1970 hadde han allereie gjort unna sin siste landskamp, den 28. i rekka, som i debutkampen eit uavgjort-oppgjer mot Skottland.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Verdsmeister: 1966 med England
  • Ligameister: 1965 og 1967 med Manchester United
  • Vinnar av europacupen: 1968 med Manchester United
  • EM-bronse 1968: med England

Kjelder[endre | endre wikiteksten]