Nord-Ouest i Haiti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nord-Ouest i Haiti
Land Flag of Haiti.svg Haiti
Hovudstad Port-de-Paix
Areal 2 176 km²
Folketal 662 777 (estimat 2010)
Folketettleik 304,6/km²
Kart
{{{namn}}} på kartet

Nord-Ouest (haitisk: Nòdwès) er eit av ti departement i Haiti. Det ligg nordvest i landet, og grensar til Nord i aust og Artibonite i sør. Nord-Ouest ligg elles ved Windward Passage, sundet som skil Haiti frå Cuba. Hovudstaden er Port-de-Paix.

Utanom øya Tortuga og kystområda nær Port-de-Paix, er departementet for det meste tørt og bert. Port-de-Paix, som tidlegare var ein stor eksportør av kaffi og bananar, importerer no mykje frå Miami i USA.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Departementet Nord-Ouest er delt inn i 3 arrondissement og 10 kommunar:

  • Arrondissement de Môle-Saint-Nicolas
    1. Môle-Saint-Nicolas
    2. Baie-de-Henne
    3. Bombardopolis
    4. Jean-Rabel
  • Arrondissement de Port-de-Paix
    1. Port-de-Paix
    2. Bassin-Bleu
    3. Chansolme
    4. Île de la Tortue
  • Arrondissement de Saint-Louis-du-Nord
    1. Saint-Louis-du-Nord
    2. Anse-à-Foleur

Kjelder[endre | endre wikiteksten]