Nord-Sulawesi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nord-Sulawesi markert med lys grønfarge

Nord-Sulawesi (indonesisk: Sulawesi Utara) er ein provins i Indonesia. Han ligg på nordaustdelen øya Sulawesi, og grensar i vest mot Gorontalo. Øygruppene Sangihe og Talaud utgjer den aller nordlegaste parten av provinsen. Den totale flatevidda til provinsen er 13 851 km².

Folketeljinga 2010 registrerte 2 265 937 innbyggjarar. Religionane er fordelt på 63,6% protestantar, 30,9% muslimar, 4,4% katolikkar, samt minoritetar av hinduisme, buddhisme og konfutsianisme. Minahasan er den største etniske gruppa. Hovudstad og største by i Nord-Sulawesi er Manado.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]