Nordflåten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jakkemerke for Nordflåten
Fartøyparade 9. mai 2010
Basar for Nordflåten

Nordflåten (russisk Северный флот, Severnij flot) er ein av flåtane til den russiske marinen og utgjer størstedelen av OSK Nord. Flåten er basert ved Kolahalvøya og Kvitsjøen. Flåten omfattar òg kystartilleri, marinefly og andre einingar. I tillegg til hovudbasen i Severomorsk har Nordflåten seks andre marinebasar og verft, der basen ved Murmansk er av dei største og best kjende. Det er òg basar for fly og for marineinfanteri. Skipsstyrken omfattar om lag to tredjedelar av den russiske marine sine atomdrivne skip, og heile området er ein bastion òg med eit eige marineinfanteri,.

For Russland gjeld framleis den store strategiske tydinga til nordflåten. Nokre av dei viktigaste hamnene er som før ved fjorden Zapadnaja Litsa (særleg Bolsjaja Lopatka) nær grensa til Noreg. Det pågår framleis fornying og opprydding etter sovjettida av lagringsfasilitetar både for atomrakettar og konvensjonelle våpen på Kolahalvøya.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Nordflåten vart grunnlagd i 1937 og fekk sin base i Vajenga (seinare kalla Severomorsk). Under andre verdskrigen spelte den ei heller audmjuk rolle, og sysla mest med enkelte landstigningaksjonar i små einingar. I sovjettida vart han kalla Raude Fane Nordflåten.

U-båtar i Bolsjaja Lopatka i Sapadnaja Litsa

Noko heilt anna vart det under den kalde krigenatomubåtane med kjernevåpen for ein stor del vart basert her. Desse måtte ha omfattande serviceinnretningar, og måtte vernast av store styrkar. Nordflåten voks raskt til den største marinen i Sovjetunionen, og han er enno størst i den russiske marinen. Kolahalvøya vart etter kvart svært militarisert i sovjettida. I juni 1956 vart ein ombygd ubåt av typen Prosjekt 611 den første ubåten med kjernvåpenberande ballistiske missil.

Nedgangsperioden etter at Sovjetunionen fall vart komplisert av mellom anna store miljøproblem grunna atomavfall frå kasserte atomubåtar og våpen. Forliset av atomubåten «Kursk» i 2000 kasta òg skuggar over leiinga til Nordflåten.

Samansetjing[2][endre | endre wikiteksten]

Militær kommando og kontroll

Ubåtstyrke:

Militær eldstøtteoperasjonelt kommandonivå.

Stridsstøtte

Militær logistikk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Observer, Thomas Nilsen, The Barents (16. september 2018), «Satellittbilder avslører Russlands massive gjenopprustning på Kolahalvøya», dagbladet.no (på norsk), henta 6. februar 2023 
  2. http://milkavkaz.com/index.php/voorujonnie-cili-racii/vmf/cf

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]