Norfolkøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norfolk Island
Norfuk Ailen
Flagg
Flagg
Våpen
Flagg Våpen
Norfolkøya på verdskartet
Norfolkøya på verdskartet
Status Australsk sjølvstyrt territorium
Chief Minister Andre Nobbs
Hovudstad Kingston
Offisielt språk Engelsk, norfuk
Areal

- % vatn

35 km²

ubetydeleg

Folketal

- totalt
- folketettleik

ca. 2114 (2007)
ca. 60,4/km²

Verdsdel Oseania
Internet-domene .nf
Tidssone UTC +11:30
Internasjonal telefonkode +6723
Nasjonalsong

Norfolkøya (engelsk Norfolk Island, norfuk Norfuk Ailen) er ei øy i Stillehavet som ligg mellom Ny-Caledonia og New Zealand. Øya utgjer eit sjølvstyrt australsk territorium, saman med to mindre øyar. Arealet er 35 km² og folketalet 2114 (2007).

Kart over Norfolkøya

Storbritannia byrja kolonisera øya i 1788, og grunnla hovudstaden Kingston.[1] Norfolkøya produserte lenge mat og tømmer for Australia, men øya blei tømd for folk i 1814 då det ikkje lenger var bruk for desse varene. I 1825 blei ho gjort om til straffekoloni for fangar som allereie var blitt transporterte til Australia. Norfolkøya var kjend som «helvetet i Stillehavet», og blei avskaffa i 1855.[2]

Om lag halvparten av ibuarane på Norfolkøya stammar frå Pitcairn, ei befolkning danna av mytteristar frå det britiske skipet «Bounty» og polynesiarar frå Tahiti. I 1856 blei heile befolkninga på 194 personar flytta til Norfolkøya, då Pitcairn var blitt overfolka. Nokre av dei vende attende til Pitcairn kort tid etter, men størstedelen vart verande på Norfolkøya.[3]

Øya styrte seg sjølv fram til 1896, då ho blei underlagt den britiske kolonien New South Wales og seinare Australia. I 1979 blei øya eit sjølvstyrande territorium under australske Norfolk Island Act.[4]

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kingston», Norfolk Island. The Website.
  2. «The Second Settlement», pitcairners.org
  3. «The Third Settlement», pitcairners.org
  4. «The History of Norfolk Island's Government», pitcairners.org

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Norfolkøya