Pitcairn
|
|||||
| Status | Britisk oversjøisk territorium | ||||
| Mayor | Mike Warren | ||||
| Hovudstad | Adamstown | ||||
| Offisielt språk | Engelsk, pitkern | ||||
| Areal - % vatn |
62 km² ubetydeleg |
||||
| Folketal - totalt |
ca. 48 (2007) |
||||
| Verdsdel | Oseania | ||||
| Internet-domene | .pn | ||||
| Tidssone | UTC -08:00 | ||||
| Internasjonal telefonkode | +64 | ||||
| Nasjonalsong | |||||
Pitcairn, engelsk Pitcairn Islands, pitkern Pitkern Ailen, er ei øygruppe aust i Stillehavet, som utgjer eit britisk oversjøisk territoium. Arealet er 62 km² og folketalet 48 (2007). Den einaste folkesette øya er Pitcairnøya, som er 4,6 km² stor. Dei andre, ubygde øyane, er Henderson (37 km²), Oeno (0,7 km²) og Ducie (0,65 km²).
Pitcairn er den minste politiske eininga i verda i folketal. Ibuarane er i hovudsak etterkomarar av mytteristar frå det britiske skipet «Bounty» og polynesiarar frå Tahiti, som kom hit med Bounty i 1790. I 1856 utvandra heile befolkninga, på 193 menneske, til Norfolkøya då øya hadde vorte overbefolka, men kort etter vende 42 av dei attende til Pitcairn.