Ny-Caledonia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nouvelle-Calédonie
Frankrike sitt flagg, i bruk på Ny-Caledonia
Ny-Caledonia sitt emblem
Det franske flagget, i bruk på Ny-Caledonia Emblem
Ny-Caledonia på verdskartet
Status Fransk collectivité sui generis (oversjøisk område med spesiell status)
Regjeringspresident (Président du Gouvernement) Harold Martin
Hovudstad Nouméa
Offisielt språk Fransk
Areal

- % vatn

19 058 km²

ubetydeleg

Folketal

- totalt
- folketettleik

ca. 240 400 (2007)
ca. 12,6/km²

Verdsdel Oseania
Internet-domene .nc
Tidssone UTC +11
Internasjonal telefonkode +687
Nasjonalsong

Ny-Caledonia (fransk Nouvelle-Calédonie) er eit fransk territorium i Stillehavet, som består av øya Ny-Caledonia, øygruppa Îles Loyauté, og fleire småøyer. Arealet er 19 058 km², om lag som Sogn og Fjordane fylke, og dermed eit av dei større landa eller territoria i Oseania. Folketalet 240 400 (2007). Det næraste nabolandet er Vanuatu i nordaust. I vest ligg Australia, 1200 km borte, og i sør, 1500 km borte, ligg New Zealand.

Øyane har vore folkesett i over 3000 år. Dei første europearane kom til området på slutten av 1700-talet, og øya fekk namnet New Caledonia av James Cook i 1774. Øyene var fransk koloni frå 1853 til 1946, etter det fransk oversjøisk territorium fram til 1999. Sidan 1999 har området hatt ein spesiell status innan den franske republikken, medan det pågår ein prosess mot større sjølvstyre. Tidlegast i 2014 skal det haldast folkerøysting om fullt sjølvstende frå Frankrike.

Dei opphavlege ibuarane, av melanesisk opphav, utgjorde i 1998 44,1 % av folketalet. 34,1 % var av europeisk eller blanda opphav, og over 11 % var polynesiarar frå andre øyer i Stillehavet, som har kome til øyene etter at dei vart franske.

Kart over Ny-Caledonia og Vanuatu