Norske sportsfiskerekordar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Norske sportsfiskerekordar er lister over dei største fiskane som er tekne med sportsfiskeutstyr i Noreg. Det var bladet Alle Menn som i 1973 kom med den første rekordlista, som då innheldt 19 artar. Det var lita oppsluttning første åra. Oppsluttinga vart betre då bladet Villmarksliv overtok lista i 1976. Frå då vart den lista rekna som dei offisiellle norske sportsfiskerekordane. I førstninga var lista delt i to, ei for saltvassfisk og ei for ferskvassfisk.

Frå 1979 har det og vorte rekordar for fisk fanga på fluge.

Rekordlistene[endre | endre wikiteksten]

Slik er det no fire rekordlister:

  • Rekordane for saltvassfiskar[1]
  • Flugerekordane for saltvassfiskar [2]
  • Rekordane for ferskvassfiskar[3]
  • Flugerekordane for ferskvassfiskar[4]

For nokre av dei største artane vert det ført to rekordlister. Av praktiske grunnar kan det vere uråd å få til skikkeleg veging. Då er det ei liste med vekt, og ei med lengdemål. Dette gjeld artar som håkjerring, makrellstørje, håbrann, kveite og ulike skater. For kvar rekordnotering finn vi: Fiskeslag, vekt kg, fiska av, fangststad og dato.

Godkjenning[endre | endre wikiteksten]

Fiskarar som vil ha godkjende rekordfiskar må forhalde seg til eit heller detaljert sett av fangstreglar.

Det er ein omfattande prosess å få ein rekordfisk godkjend Det skal innmeldast med eit detaljert skjema om fiskaren, fiskestaden, reiskapen , og fisken. [5] Det krevst vitne som bekreftar fangsten, og det skal foreligge fotodokumentasjon.

Nokre rekordar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]