Novokuznetsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Novokuznetsk
Новокузне́цк
Kyrkje i Novokuznetsk
Kyrkje i Novokuznetsk
Byvåpenet til Novokuznetsk
Byvåpenet til Novokuznetsk


Plassering
Novokuznetsk is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Kemerovo oblast
Grunnlagd
Bystatus
1618
1929
Borgarmeister Sergej Martin
Geografi
Flatevidd
 - By

424 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

560 900
  1 322,9 /km²
Koordinatar 53°45′″N 87°7′″EKoordinatar: 53°45′″N 87°7′″E
Høgd over havet 200 moh
Tidssone
- Ved sommartid
KRAT (UTC+7)
KRAST (UTC+8)
Diverse annan informasjon
Postnummer 6540xx
Retningsnummer (tlf) (+7)3843
Bilnummer 42
Nettstad: www.admnkz.ru/

Novokuznetsk (russisk Новокузне́цк) er ein by i Kemerovo oblast i Russland med om lag 560 000 innbyggjarar. Han ligg om lag 3000 km aust for Moskva.

Han vart grunnlagd av kosakkar som ein utpost ved elva Tom og vart opphavleg kalla Kuznetsk (russisk Кузне́цк). Det var her Fjodor Dostojevskij gifta seg første gong med Maria Isajeva i 1857. Josef Stalin si raske industrialisering av Sovjetunionen forvandla den døsige byen til eit stort senter for kolgruvedrift i 1930-åra. I 1931–1932 vart namnet på byen endra til Novokuznetsk og i 1932–1961 hadde han nament Stalinsk (russisk Ста́линск) etter Stalin.

19. mars 2007 oppstod ein massiv metaneksplosjon i Uljanovskaja-gruva ved Novokuznetsk, og over 100 arbeidarar mista livet. Gruva var det største kolgruva i Kemorovo oblast, og ligg i eit oljerikt område sør i sentrale område av Russland kjend som Kuzbass.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Novokuznetsk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]